Hopp til innhold

Amazon-sjefen pungar ut for klimakampen

Ein månad etter at fleire tilsette vart trua med sparken for å kritisere selskapet sine klimatiltak, gjev Jeff Bezos milliardar til klimakampen.

Jeff Bezos

VIL IKKJE SITTE PÅ GJERDET: I fjor haust lova Amazon-sjef Jeff Bezos at selskapet skulle bli fossilfri innan 2030. No lovar han i tillegg 93 milliardar til klimakampen.

Foto: Pablo Martinez Monsivais / AP

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Måndag kveld norsk tid la netthandelgiganten Amazon sin sjef Jeff Bezos ut eit innlegg på Instagram kor han lovde å gje 10 milliardar dollar til klimakampen.

  • Meld deg på ukesbrevet til Urix: Klikk her

Dei 93 milliardane norske kronene skal styrke forskarar, aktivistar og ikkje-statlege organisasjonar sitt arbeid mot global oppvarming.

– Vi kan redde jorda. Det vil krevje samarbeid mellom store og små selskap, land, globale organisasjonar og enkeltpersonar, skriv Bezos på Instagram.

Han skal etter planen byrje å dele ut pengane i sommar.

Trua tilsette med sparken

Fleire stiller spørsmål ved kva som motiverer Bezos og Amazon til å opne pengesekken akkurat no.

Nyheita kom ein månad etter The Guardian si avsløring om at Amazon skal ha trua fleire tilsette med sparken, sidan det å uttale seg om selskapet sine manglande klimatiltak utan løyve frå leiinga bryt med selskapet sine retningslinjar.

Selskapet svarte då at det var rein rutine å sende HR-avdelinga på dei som bryt med restriksjonane selskapet har lagt på kva deira tilsette kan ytre seg om.

Det førte igjen til at fleire hundre tilsette la hovudet på blokka ved å protestere. Dei tilsette risikerte sjølve å få sparken, sidan også desse protestane braut med Amazon sine retningslinjer.

Laster Twitter-innhold

Skal bli fossilfri innan 2030

Jeff Bezos har fleire gongar prøvd å markere seg sjølv og Amazon som ei «grøn» bedrift som jobbar imot global oppvarming.

Lovnadane har ved fleire høve blitt pressa fram av tilsette i selskapet.

I fjor haust lova Bezos at selskapet skulle bli fossilfri om ti år og karbonnøytrale innan 2040.

– Vi skal ikkje lenger sitte på gjerdet når det kjem til klimatiltak, sa Bezos i september i fjor.

Den gongen kom lovnadane berre ein dag før 1500 tilsette i Amazon etter planen skulle streike for klimasaka saman med Greta Thunberg.

Skal ha prøvd å strupe tilsette som ytra seg offentleg

Ifølgje fleire tilsette oppdaterte selskapet retningslinjene sine for ekstern kommunikasjon like før denne planlagde protesten i fjor haust.

Den nye regelen skal ha vore at tilsette måtte be om lov frå leiinga før dei uttalte seg offentleg om selskapet.

Amazon sin talsperson meinte derimot at reglane alltid hadde vore der, og at oppdateringa skulle gjere det enklare for arbeidstakarar å få løyve til å ytre seg offentleg i slike saker.

SISTE NYTT

Siste nytt