Hopp til innhold

Amanda Berry ber om at pressa respekterer at familien treng ro

Kvinna som klarte å rømme frå kidnapparar i Ohio etter ti år er komen heim til huset til søstera. No ønskjer ho fred frå pressa.

Beth Berry

Beth Perry, søstera til ei av dei kidnappa kvinnene møtte eit svært pressekorps i Cleveland i dag.

Foto: NTB Scanpix

GJENFORENING: Amanda Berry (midten) gjenforent med søsteren.

Dette biletet viser Amanda Perry (i midten) saman med søstera Beth og den seks år gamle dottera. (sladda)

Foto: - / Afp

Amanda Berry var ei av dei tre kvinnene som vart kidnappa i ti år i byen Cleveland i Ohio i USA.

Ho vart i dag utskriven frå sjukehuset, og er no komen heim til søstera sitt hus i Ohio. Med seg hadde ho den seks år gamle dottera, som vart fødd i huset til kidnapparane.

Hundrevis av naboar og pressefolk var samla utanfor huset i Cleveland for å høyre Amanda snakke for første gong, slik som først var annonsert. Men ho skal ha ombestemt seg i siste liten, og søstera kom i staden ut og kom med eit kort utsegn til pressa.

– Takk for all støtte me har fått frå presse og publikum. No ønskjer familien vår privatliv. Søstera mi treng tid til å kome seg. Ver så snille og respekter privatliva våre før me er klare for å uttale oss, sa søstera Beth Berry.

Amanda Berry, vart sist sett 21. april 2003, på veg heim frå jobben på Burger King. Då var ho berre 17 år gammal. Måndag møtte ho familien igjen, og søstera Beth var blant dei besøkjande på sjukehuset i Cleveland.

Men historia har ikkje berre ein lukkeleg slutt. Mora til Berry, Louwanna Miller, døydde i 2006. Vener av familien har hevda at ho døydde av sorg over den sakna dottera.

Saka held fram.

Amanda Berry

Her kjem Amanda Berry heim saman med den seks år gamle dottera.

Foto: NTB Scanpix

Dei andre kvinnene som vart haldt fanga var Gina Dejesus og Michelle Knight. Det er venta at Gina Dejesus også vil kome heim i løpet av dagen, amerikansk tid.

Michelle Knight skal ifølgje CNN vere den som slit mest psykisk, så ho vil framleis vere på sjukehuset.

Tidlegare i dag meldte politiet i Cleveland at dei no er sikre på at det ikkje er fleire personar i huset til Ariel Castro, 52-åringen som kidnappa dei tre kvinnene. Det verserte ein stund rykte om at det skal ha vore andre barn der, i tillegg til dottera til Amanda Berry.

Politiet seier også at dei trur kvinnene var bunde fast då dei var i fangenskap.

– Me kan stadfesta at dei var bunde fast då dei var i fangenskap i huset. Det var lenker og tau i huset, sa politisjef Michael McGrath til NBC.

– Kvinnene har det ekstremt bra med tanke på tilhøva. Dei må vere veldig, veldig sterke personar, seier McGrath.

  • Video: Sjå intervjuet med svogeren til Amanda.
    Amanda Berry ringte sin søster, Beth, for å fortelle at hun hadde sluppet ut av fangenskap og at hun hadde fått en datter i løpet av alle årene hun var kidnappet. Svogeren, Ted Serano fortalte om telefonsamtalen på USCBSN.

    Amanda tok kontakt med familien etter at ho klarte å rømme frå fangenskap.

SISTE NYTT

Siste nytt