Hopp til innhold

Spår dyster framtid om det ikkje blir ført betre miljøpolitikk

Det blir teikna eit mørkt bilete av framtida i ein ny rapport frå OECD, om korleis verda vil sjå ut i år 2050. Miljøvernminister Erik Solheim meiner det må bli dyrt å forureinse naturen.

Forurensing fra biler

Med to milliardar fleire menneske på jorda i 2050, er det venta at forureininga kjem til å auke.

Foto: ALEXANDER ZEMLIANICHENKO / AP

Miljøvernminister Erik Solheim

Miljøvernminister Erik Solheim er bekymra for miljøet, men har tru på at tiltak vil komme.

Foto: Johansen, Erik / Scanpix

Rapporten «Environmental Outlook to 2050» frå OECD tek for seg konsekvensane av å ikkje handle i miljøspørsmål. Rapporten ser på klimaendringar, biologisk mangfald, ferskvatn og effekten forureining har på helse.

– Dei mest alvorlege konsekvensane er tap av artsmangfald og klimaendringar, seier miljøvernminister Erik Solheim om framtidsscenariet som blir lagt fram i rapporten.

Trass i verdssamfunnets forsøk på å stogge klimaendringar og betre miljøet, kjem folketalsauke og økonomisk vekst til å overvelde miljøtiltaka.

Om det ikkje blir ført ein meir ambisiøs miljøpolitikk kjem verdas befolkning i 2050 til å stå ovanfor ei rekkje store utfordringar, konkluderer rapporten.

  • LES SAMANDRAG AV RAPPORTEN PÅ NORSK HER

2050

Ifølgje rapporten kjem folketalet i 2050 ha auka frå sju til ni milliardar menneske. Verdas samla brutto nasjonalprodukt kjem til å bli firedobla og føre til auka etterspørsel etter energi og naturressursar.

Energibehovet kjem til å auke med 80 %, men fordelinga mellom energikjelder kjem til å vere noko lunde som i dag, 85 % kjem til å komme frå fossile energikjelder, og berre litt over 10 % frå fornybare kjelder.

Klimautsleppa kjem til å auke med 50 %. Difor reknar rapporten med at den globale gjennomsnittstemperaturen blir tre til seks grader høgare innan utgangen av hundreåret. Det internasjonale målet om å avgrense temperaturauken til to grader over førindustrielle mål, kjem altså til å bli brote.

Regnskogen El Yunque i Puerto Rico

Primærskogane har stort biologisk mangfald, og er viktige for blant anna funn av nye medisinar.

Foto: WikipediaCommons/ Alessandro Cai

Etterspørsel etter ferskvatn kjem til å auke med 55 %, og 40 % av jorda sin befolkning kjem til å bu i såkalla «vasstressa» område.

Artsmangfaldet kjem til å ha minka med 10 % i 2050. Om lag ein tredjedel av biologisk mangfald i ferskvatn har allereie gått tapt. Arealet av primærskog, skog som i liten eller ubetydeleg grad er påverka av menneske, kjem til å minke med 13 %, spår rapporten.

Økonomi og miljø

Den gjeldande modellen for vekst og dårleg forvalting av naturressursar kan komme til å undergrave menneskeleg utvikling, seier rapporten.

– Me kjem berre til å lykkast dersom me ser økonomi og miljø i samanheng. Det må løna seg å vere miljøvenleg. Eg kan ikkje seie til ein spansk, arbeidslaus ungdom at han må ut og redde miljøet, når han treng ein jobb. Samstundes, om me berre tenkjer økonomi og ikkje miljø, så sager me av greina me sit på, seier Solheim.

Miljøvernministeren meiner det enno ikkje er for seint til å handle og hindre fylgjene rapporten spår.

– Eg er optimistisk med tanke på at mykje kjem til å skje framover. Det er mange tiltak som har blitt og blir iverksette, til dømes mot avskoging i Brasil og utvikling av ny teknologi i Kina, seier Solheim.

Forureining

Det blir rekna med at nesten 70 % av verdas befolkning vil vere urban innan 2050, noko som kjem til å forsterke problem som luftforureining, bilkøar og avfallshandtering.

Den største årsaka til for tidleg død kjem til å vere luftforureining, etter dårleg vasskvalitet og manglande sanitasjon.

På grunn av aldrande og urban befolkning kjem OECD-land truleg til å ha den høgaste førekomsten av for tidleg død knytt til bakkenært ozon, nest etter India, ifølgje rapporten.

– Må bli dyrt å forureine

Rapporten er basert på kva som vil skje om ikkje noko blir gjort og presiserer at det enno ikkje er for seint, men at det begynner å haste. Det blir foreslått politikk som kan endre utsiktene i rapporten, blant anna å gjere forureining dyrare enn «grøne» alternativ. Det vil også miljøvernministeren.

– Det største problemet er at ein kan tene på å øydelegge naturen. Me må setje ein prislapp på øydelegging av økosystem, slik at det ikkje lønner seg. Eit utval er sett ned og jobbar med å finne ut av korleis me kan få til dette, og me treng dialog med privat sektor, seier Solheim.

Sjølv om konsekvensane av å ikkje handle kjem til å råke menneske i dei fattige delane av verda hardast, vedkjem dei globale miljøspørsmåla også oss i Norge.

– Dei globale trugslane vedkjem oss også. Krig og konflikt og klimaendringar kjem til å påverke oss alle, seier Solheim.

SISTE NYTT

Siste nytt