Ambassadør Ove Thorsheim møtte flyktningane om bord i "Tampa" i dag. Etterpå møtte han det internasjonale pressekorpset. (EBU-foto)
Noregs ambassadør til Australia, Ove Thorsheim, var også i dag om bord i "Tampa". Han snakka både med mannskapet og flyktningane, og han har inntrykk av at alle partar er letta over at det ser ut til å gå mot ei løysing.
Thorsheim seier at flyktningane helst vil til Australia, men at når dette ikkje går, synest dei det er ei grei løysing å bli sende til New Zealand og Mauru.
Australias statsminister John Howard sa i dag at troppetransportskipet "Manoora" skal frakte flyktningane på "Tampa" til Papua Ny-Guinea. Deretter skal dei vidare med fly til New Zealand og Nauru.
Papua Ny-Guinea
Papua Ny-Guinea har sagt seg viljug til å vere mellomstasjon for transporten av flyktningane.
Statsminister John Howard sa på ein pressekonferanse i føremiddag norsk tid at dei 433 flyktningane om bord på "Tampa" skal fraktast med troppetransportskipet til Papua Ny-Guinea. Der skal dei gå om bord i fly som skal bringe dei til New Zealand og Nauru.
Den australske statsministeren seier at "Manoora" vil vere klar til å ta om bord flyktningane frå det norske lasteskipet "Tampa" alt i løpet av dagen. Dei blir først frakta til stillehavsnasjonen Papua Ny-Guinea.
"Manoora" har kapasitet til å føre 400 soldatar pluss mannskapet på 180 over lange distansar. Det har også fire store transporthelikopter om bord, og det er utstyrt med ein stor landingsrampe.
I går inngjekk Australia ein avtale med New Zealand og mininasjonen Nauru om at flyktningane frå "Tampa" skulle få kome dit for å få asylsøknadene sine behandla.
Afghanistan
Flyktningane, som har vore om bord i "Tampa" nær ei veke, får ikkje kome i land korkje i Australia eller i Indonesia. Dei 433 flyktningane er frå Afghanistan.
Informasjonsrådgjevar Per Rønnevik i rederiet Wilh. Wilhelmsen seier at han ikkje har snakka med kapteinen på "Tampa" sidan natt til i dag, og rederiet har førebels ikkje fått stadfesta at flyktningane skal overflyttast til andre farty.
Statsminister John Howard tilbakeviste i dag kritikken frå FN mot å sende flyktningane til den vesle øya Nauru langt ute i Stillehavet. Kritikken vart sett fram blant andre av FNs generalsekretær Kofi Annan. Andre land har også stilt seg undrande til den australske handlemåten.
Howard minner om at Australia er eitt av berre åtte land som har eit formelt program for å ta mot flyktningar. - Eg synest ikkje forslaga gåre er brutale, sa han i dag.
Til etterretning
Det norske utanriksdepartementet tek til etterretning at Australia ser ut til å ville sende flyktningane på "Tampa" til Papua Ny-Guinea, men meiner at landet har handla i strid med Folkeretten.
Noreg meiner at brevet som dei afghanske flyktningane sende til statsminister John Howard er å rekne som ein asylsøknad, og at regjeringa i Australa er forplikta til å behandle alle søknader om asyl.