Demonstrantar og politi kjempar om eit pride-flagg.

Kjønnskorrigerande tiltak blir latterleggjort på russisk TV

Ein mann med hatt bakfrå, med eit prideflagg rundt seg.

I Uganda vil 95 prosent av befolkninga ikkje ha homofile naboar

Ei kvinne med regnboge-effektar på seg rekker ut tunga mot ein bannar med Italias statsminister Giorgia Meloni på. Bak biletet av ho, er det bilete av kvinner i røde kåper og kvite hattar som dekker ansiktet, frå Handmaids Tale.

I Italia er skeive uroa etter at dei fekk ny statsminister

Homokampen i verda

Verdas homokamp

Smilande ugandiske studentar dansar og syng i gatene. Dei viftar med plakatar høgt over hovudet og jublar.

Landet har fått ei ny lov: The Anti-Homosexuality Act.

Ei lov som gjer Uganda til landet med dei strengaste lovene mot homofili.

Mannlege studentar i finklede går i tog med plakatar som støttar anti-homo-lova som kom i år.
Foto: Abubaker Lubowa / Reuters

Framleis er det kriminelt å vere homofil i 64 land i verda. Fire land skil seg ut i sin region – på godt og vondt.

La oss starte med Uganda. Her kan ein få 20 års fengsel for å ha sex med nokon av same kjønn, og for å «promotere homoseksualitet».

Livstid i fengsel og dødsstraff

Uganda har også den minst tolerante befolkninga i Afrika, viser ei spørjeundersøking av Afrobarometer.

Berre 5 prosent av dei spurde ønsker eller er likegyldige til å ha ein homofil nabo.

Uganda er med den nye lova i ferd med å bli eit angivarsamfunn.

– Det er målskiver på ryggane våre, seier Pepe Julian Onziema i Sexual Minorities Uganda (SMUG).

Profilbilde av Pepe.

Pepe Onziema meiner staten i Uganda har radikalisert samfunnet med homofobi.

Foto: Martin Roalsø

Richard Lusimbo, aktivist i organisasjonen Uganda Key Populations Consortium, meiner at også politikk styrer haldningane til folk:

Samfunnet vårt har blitt radikaliserte til homofobi, sponsa av staten.

Richard Lusimbo

Han fortel at etter at lova kom, har fleire LHBTQ+-personar blitt kasta ut av leilegheitene sine, og fleire har opplevd angrep, vald og trakassering.

Vestleg import

I eit intervju med CNN fekk president Museveni spørsmål om han mislikar homofile:

– Så klart! Dei er ekle. Kva slags folk er dei? Eg veit ikkje kva dei gjer, men eg har blitt fortalt det. Det er forferdeleg.

Siri Gloppen, professor ved Universitetet i Bergen, har forska på haldningar til LHBTQ+ i ulike land.

Ho fortel at i afrikanske land, særleg i dei mest religiøse, blir homofili sett på som vestleg import. Ein form for nykolonialisme.

– I Uganda blir homofili teikna som eit trugsmål mot det afrikanske mannsidealet, seier ho.

Mange menneske sit på rekke og rad i ein sal.

348 stemte for The Anti-Homosexuality Act. Ein stemte imot. 208 var ikkje til stades.

Foto: AP

Sjølv om menneskerettsaktivisten Lusimbo skildrar situasjonen i Uganda som forferdeleg, blir han likevel håpefull når han tenker på den yngre generasjonen:

– Det er ein heil generasjon som tør å snakke høgt, som brukar teknologi. På TikTok er det 16-åringar som opent seier «eg er LHBT». Eg gjorde ikkje det då eg var 16, seier han.

500 mil unna dei jublande studentane, rekk ei dame ut tunga mot sin nye statsminister.

Ei kvinne med regnboge-effektar på seg rekker ut tunga mot ein bannar med Italias statsminister Giorgia Meloni på. Bak biletet av ho, er det bilete av kvinner i røde kåper og kvite hattar som dekker ansiktet, frå Handmaids Tale.

Statsminister Giorgia Meloni har sagt at barn fortener det beste, men at det beste er ein far og mor.

Foto: GABRIEL BOUYS / AFP

Italia er eit av landa i Vest-Europa med dårlegast vilkår for LHBTQ+-personar, og det einaste landet som ikkje har legalisert likekjønna ekteskap.

Teknisk og gøymd diskriminering

I fjor fekk Italia ei ny regjering. Partiet «Italias brør» fekk flest stemmer, og partileiar Giorgia Meloni blei statsminister. I ho fekk landet sin første konservative ytre høgre-statsminister sidan andre verdskrig.

Italias statsminister Giorgia Meloni smiler ut av vindauget til ein kvit bil.

Giorgia Meloni blei Italias første kvinnelege statsminister i 2022.

Foto: Cecilia Fabiano / AP

– Meloni bringar med seg ei historie med diskriminering og homofobi, seier Roberto Muzzetta i LHBTQ+-organisasjonen Arcigay.

Han seier at Italias brør vil innføre lover som ikkje direkte rammar LHBTQ+, men som gjer det likevel:

– Dei vil ikkje at likekjønna skal adoptere, og skuldar på at det er til barnas beste. Dei gjer det vanskelegare å ha alias på universitet, som rammar transpersonar.

Folk går i demonstrasjon mot Meloni-regjeringa.

Då Italias brør vann valet, gjekk folk ut i gatene for å protestere.

Foto: TIZIANA FABI / AFP

Og dei prøvar å gjere surrogati til eit universelt brotsverk, som vil ramme LHBTQ+-personar. I tillegg er det vanskeleg å få asyl som LHBTQ+.

Muzetta fortel at lovene er så tekniske og gøymde, at det er vanskeleg å avdekke dei.

Men han har og sett ei positiv utvikling dei siste ti åra. Ikkje i politikken, men i folket.

I framtida håper han på politisk endring. Mange av dei unge og progressive har mista trua på det politiske systemet. Han håpar at desse vil begynne å stemme att.

Ei ung dame vifter med ei handvifte i regnboge-fargar.

Stadig fleire deltek på pride-paradane i Italia. 300.000 var til stades under pride i Milano i år.

Foto: GABRIEL BOUYS / AFP

Vi skal ikkje lenger enn til Aust-Europa for å sjå tilbakegang i rettane til homofile og transpersonar. I Russland blir minoritetar brukt som brikker i eit politisk spel.

Homofile – den gode fiende

President Vladimir Putin har vedtatt ei rekke lovforslag dei siste ti åra som innskrenkar rettane til seksuelle minoritetar. Desse er dei mest inngripande:

  • 2013
    Lov mot propaganda blir vedteke i Russland

    Det blir ulovleg å snakke positivt om «utradisjonelle seksuelle verdiar» med barn eller tenåringar til stades.

  • 2020
    Likekjønna ekteskap blir ulovleg

    Ifølge Putin skal ekteskapet vere ei foreining mellom ein mann og ei kvinne.

  • 2021
    LHBT+-stiftingar blir utstøytte

    Ei rekke velgjerdsorganisasjonar som vernar om LHBT+-personar sine rettar blir stempla som «utanlandske agentar».

  • 2022
    Lov mot propaganda blir utvida

    Det er ikkje lenger lov å omtale LHBT+-personar positivt til nokon som helst.

  • 2023
    Kjønnsbekreftande operasjonar blir ulovlege

    Vedtaket kjem som del av Vladimir Putin sin kamp mot det han kallar for «utradisjonelle» livsstilar. Han har skildra desse som bevis på moralt forfall i vestlege land.

Demonstrant med prideflagg blir arrestert av russisk politi i Moskva.

«LHBT-propaganda» er ulovleg i Russland. Pride går innunder kategorien.

Foto: Anton Vaganov / Reuters

Professor Siri Gloppen ser klare tendensar i land som vedtek homofobe lover, og det same i Russland:

– Homofile blir den gode fiende, som kan brukast til å mobilisere folk til val. Det blir ein del av den nasjonalistiske retorikken. Det er maskulint å vere imot LHBTQ+. Putin er den store machomannen, seier ho.

Putin i bar overkropp og solbriller, sitter på ein hest.

Putin er opptatt av å vere macho.

Foto: RIA NOVOSTI / REUTERS

– Folk var oftast ikkje så opptatt av dette i utgangspunktet. Men når det blir knytt til religion, og anna som folk verkeleg bryr seg om, då blir det viktig, seier Gloppen.

Patriark Kirill av Moskva held lys og går langs oppgangen i ei kyrkje.

Patriark Kirill meiner homofili er eit teikn på apokalypse.

Foto: Reuters

– Viss ein prest seier at homofili undergrev samfunnsordenen og fører til fortaping, så verkar det sterkt.

Større kjensle av fridom

I Asia er det berre Taiwan som fullt ut har legalisert likekjønna ekteskap. Men det har vore framgang i nokre land dei siste åra. Singapore er eitt av dei.

I fjor blei lova frå den britiske kolonitida som kriminaliserte homofili, fjerna.

Dragartist Yeo Sam Jo pakkar ting inn i ein kvit bil. Ein ven held eit dukkehovud med rosa parykk på.

Etter at homofili blei avkriminalisert, har det vore ei auke i dragshow i Singapore.

Foto: EDGAR SU / Reuters

– Politikken er litt meir open. Singapore har ein ovanfrå og ned-politikk, så det har signalisert eit skifte i samfunnet.

Det seier Ching Sia som arbeider i LHBTQ+-organisasjonen Prout.

Ein gong i året blir Pink dot arrangert i Singapore, som kan likne på pride. Her har det vore ei klar auke i familiar som kjem for å vise si støtta, både heterofile og homofile, i alle aldrar.

Sia skildrar ei større fridomskjensle blant homofile i Singapore.

Men sjølv om det går framover, går det sakte. Det er framleis stor sensur av LHBTQ+-personar.

– Vi har tatt eit skritt fram, men to til sida. Det kjem for eksempel ei diskrimineringslov, men der står det ingenting om LHBTQ+-rettar eller trygging av kjønnsidentitet. Vi treng lover som beskyttar oss, seier Sia.

LHBTQ+ får framleis verken gifte seg eller adoptere barn. Og er du ikkje gift, må du vente til du er 35 år før du får kjøpe bustad på den offentlege bustadmarknaden. Då må du framleis kjøpe åleine.

– Vi er ikkje imot familiar

I FNs menneskerettar artikkel 16 og 17 står det at alle menneske har rett til å stifte familie, gifte seg, og eige eigedom, anten åleine eller saman med nokon.

I både Singapore, Russland, Uganda og Italia er det altså grunnleggande menneskerettar som LHBTQ+ ikkje får tilgang til.

Styresmaktene i alle landa grunngir det med at dei må verne om tradisjonelle familieverdiar, og at dei må beskytte barn.

Ching og Cally smilande i bryllaupet sitt. Går oppover mot alteret. Begge med blomar i hendene.

Ching Sia og kona Cally gifta seg i Australia, og håpar det ein gong skal bli lovleg i Singapore.

Foto: PRIVAT

Sia blir oppgitt:

– Vi er ikkje imot familiar. Vi har våre eigne familiar. Med tida vil folk sjå at vi er akkurat som alle andre. Vi ønsker alle det same, berre at min familie ikkje ser ut som din. Det betyr ikkje at vi er mindre verdt eller fortener mindre vern.