Hopp til innhold

«GW» kritisk til Lisa Holm-etterforsking

Den svenske krimeksperten Leif «GW» Persson seier det er fleire omstende rundt etterforskinga av drapet på 17 år gamle Lisa Holm som gjer han uroleg. Blant anna manglar politiet tekniske bevis som kan knyte dei to litauiske brørne til drapet.

Gården der Lisa Holm ble funnet død

Dei to litauiske brørne, som er sikta for drapet på Lisa Holm, bur på denne garden utanfor Lidköping.

Foto: Thomas Johansson/TT / NTB scanpix

Advokatane til dei to litauiske brørne, som er sikta for drapet på 17 år gamle Lisa Holm utanfor Lidköping i Sverige, seier også at politiet ikkje har eit einaste teknisk bevis i saka. Dei to vart varetektsfengsla i to veker måndag for ei veke sidan

Det var tysdag 16. juni at to litauiske brør i 30-åra vart arresterte saman med den svenske kona til den eldste av dei. Dei tre budde på garden der Lisa Holm vart funnen drepen søndag 7. juni. Dei to

Leif GW Persson er svensk forfatter og krimekspert.

Leif «GW» Persson er uroleg for fleire omstende rundt politiet si handtering av drapet på 17 år gamle Lisa Holm.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

brørne er begge sikta for drap, medan kvinna er sikta for å ha skjult ein forbrytar. Dei to brørne nektar for å ha hatt noko med drapet å gjere.

Tidlegare ustraffa

Den svenske krim-eksperten, forfattaren og tidlegare politimannen Leif «GW» Persson skriv i den faste spalta si i avisa Expressen at det er fleire omstende rundt arrestasjonen av dei tre som gjer han uroleg.

Moren til siktet brødrepar: – Dette er helt utenkelig

Han minner om at alle tre er tidlegare ustraffa, og at dei som kjenner dei ser på dei som ærlege, hyggjelege og arbeidssame menneske. Han skriv at det er fleire ting som uroar han i politiet sin handlemåte i saka.

– Det typiske tilfellet med fridomsrøving som endar med drap, handlar ofte om ein einsleg gjerningsmann, som er tidlegare straffa og ofte har ein relasjon til offeret. Ikkje om tre

Lisa Holm

17 år gamle Lisa Holm vart funnen drepen på garden Blomberg utanfor Lidköping 7. juni.

Foto: Polisen / Handout / NTB scanpix

tidlegare ustraffa personar som etter over ei veke i fengsel framleis nektar kategorisk for å ha noko med drapet å gjere, skriv «GW» i Expressen.

– Vern av husfreden

«GW» meiner at det er tvilsamt, om brørne var skuldige, at dei ville ha late liket blitt liggjande like i nærleiken av huset dei budde i. Han viser også til at politiet manglar tekniske bevis i saka, på eit tidspunkt i etterforskinga det burde ha vore funne slike bevis.

– Det etterforskinga hittil har lukkast med er å verne om husfreden internt i politiet. Advokatane til dei mistenkte, og alle andre som etterforskarane har hatt kontakt med, er pålagde å ikkje uttale seg. Fengslingsmøtet skjedde også bak stengde dører, seier den profilerte krim-eksperten.

Begge dei to litauiske brørne har anka fengslinga, men retten fann ikkje å kunne ta ei avgjerd i saka i dag før dei har hatt ein samtale med aktor i saka.

– Hadde vil vore sikre på utfallet av anken, hadde vi ikkje kalla inn aktor, seier hovrettsråd Lars Friedner til Aftonbladet .

Fullsatt kirke mintes Lisa Holm (17)

– Håpar politiet har rett

Kvinna som er gift med ein av dei to mistenkte litauiske mennene, vart sist tysdag varetektsfengsla for ei veke. Fengslinga går altså ut i morgon, og det er uklart om politiet vil krevje ytterlegare fengsling.

Leif «GW» Persson tvilar sterkt på at politiet har ei god sak.

– Eg håpar at politiet og påtalemakta for ein gongs skuld har rett, men det er langt frå tilfelle i alle saker. Berre halvparten av denne typen drapsetterforsking fører til ein fellande dom, skriv han.

SISTE NYTT

Siste nytt