Opposisjonsleiar Khin Maung Swe heldt ein tale under opninga av eit partikontor 28. oktober.
Foto: Khin Maung Win / ApOpposisjonen hevdar dei fekk flest stemmer i valurnene, men at dei tapte på grunn av 'såkalla førehandsstemmer'.
Foto: STR / AfpGeneral Than Shwe oppretta USDP.
Foto: CHRISTOPHE ARCHAMBAULT / Afp– Vi tok leiinga i starten, men USDP kom opp med «såkalla førehandsstemmer» og det snudde resultatet heilt, slik at vi tapte, seier leiaren for det største opposisjonspartiet NDF Khin Maung Swe til nyheitsbyrået Reuters.
– USDP stel stemmer
Han skuldar USDP for å bruke alle moglege metodar for å stele stemmer.
– Dei kjem til å vinne med 90 prosent oppslutnad om dei held fram å jukse på denne måten, seier han.
Andre opposisjonsleiarar har tidlegare sagt til BBC at dei hadde vunne målingane i vallokala, der den første teljinga vart gjort av forsegla stemmesetlar, men at dei tapte oppteljinga i Kommisjonen.
Dømmer valet nord og ned
Militærjuntaen USDP hevdar å ha vunne valet med rundt
.Valet som vart halde søndag, vart det første på 20 år. Opposisjonen i landet, vestlege land og menneskerettsorganinisasjonar har dømt valet nord og ned.
- Les:
- Les:
Fredsprisvinnar og menneskerettsforkjempar Aung San Suu Kyi og partiet hennar boikotta valet og kallar valet ei farse.
USA-president Barack Obama har i dag gjenteke sine kommentarar om at valet i Burma verken er fritt eller rettferdig, skriv nyheitsbyrået Reuters.
Kvart fjerde sete i nasjonalforsamlinga var tildelt dei militære allereie før veljarane gav sine stemmer. Kandidatane til militærjuntaen hadde også store fordelar i valkampen.
- Les:
20.000 flykta til Thailand
Sivilie i Burma flykta frå landet for å kome unna kampane i heimlandet.
Foto: CHAIWAT SUBPRASOM / ReutersKampar mellom regjeringsstyrkar og opprørarar har drive
over grensa frå Burma til Thailand.15.000 har søkt tilflukt i byen Mae Sot, opplyser guvernøren i provinsen Samard Loyfar. Mange skal allereie har returnert til Burma, opplyser lokale talsmenn i Thailand.
- Les:
Ifølgje augevitne er så mange som 30 personar drepne i kampane i byen Myawaddy i Karen-staten, der den nasjonale frigjeringshæren KNLA har kjempa for uavhenge i 60 år.