Hopp til innhold

– Trump har ført oss tilbake til 1920-talet

– Vi er på mange måtar tilbake på 1920-talet. No har det blitt greitt igjen i USA å hate svarte, homofile eller muslimar, seier den amerikanske fotografen Christopher Morris.

Intervju med den amerikanske fotografen Christopher Morris.

VIDEO: Sjå intervjuet med Christopher Morris.

Christopher Morris har jobba som fotograf i amerikanske medium i over 30 år. Han starta som krigsfotograf, men har dei siste åra jobba i Det kvite hus for Time Magazine. Det meste av 2016 jobba han tett på presidentvalkampen, ikkje minst på Donald Trump.

Den prislønte fotografen er svært uroa over situasjonen i heimlandet no. Det er ei sterk polarisering mellom ulike grupper, og han fryktar at det endar med ein krasj. Han trekkjer fram at fleire store selskap vil trekkje Trump sine avgjerder for retten, og at det ikkje er noko som tyder på at presidenten har tenkt å gi seg.

– Spelte på frykt

– På 1920-talet var det greitt i USA å hate svarte, å hate homofile og andre grupper. Opp gjennom åra har denne tankegangen blitt borte. Alle kan ha slike tankar, men vi har lært oss å undertrykkje dei. Med valet av Donald Trump har vi fått ein president som gir folk lov til å kjenne på rasisme og hat. Han har spelt på frykta deira, seier Morris.

Han er oppteken av at mange av veljarane til Trump har blitt så sinte på dei tradisjonelle politikarane, at dei vil ha denne mannen same kva gale ting han gjer.

– Han har gjort mykje gale, men det betyr ikkje noko for dei. Desse menneska lever i ein nasjonalistisk, fryktbasert røyndom. Og det skremmer meg, seier han.

Hat og rasisme

Morris fortel at han i åra som krigsfotograf har sett korleis hat og rasisme har fått utvikle seg i land med krig og konflikt.

– Den såkalla politisk korrekte tankegangen har utvikla seg gjennom fleire genrasjonar, men i tider med krig ser vi at gamle fordommar, hat og rasisme igjen har utvikla seg gjennom politikarar som spelar på slike kjensler, seier han.

Christopher Morris er i kveld gjest i Urix på NRK. Her snakkar han blant anna om Trumps krig mot «mainstream media», dei tradisjonelle nyheitsmedia, som den ferske presidenten meiner spreier falske nyheiter .

Frykter falske nyheter også i Norge

Ingenting er sant og alt er mulig

– Ei alternativ verd

– Det er klart dette uroar meg, for eg er ein del av dei tradisjonelle nyheitsformidlarane. Men det einaste vi kan gjere er å halde fram med å fortelje sanninga, og å avsløre løgn og maktmisbruk.

Han trur ikkje kjerneveljarane til Donald Trump nokon gong vil kome tilbake til tradisjonelle medium, fordi dei har skapt si eiga alternative verd.

– Det er dei andre som røysta på han som må kome til fornuft og sjå kor mykje av det Trump står for er falskt, avsluttar Morris.

Mer bekymret for dårlige konkurrenter enn for Trump

SISTE NYTT

Siste nytt