Hopp til innhold

– Terroristane i Dhaka var høgt utdanna

Dei fleste terroristane som gjennomførte angrepet i Dhaka i Bangladesh sist fredag, var høgt utdanna og kom frå velståande familiar.

Terrorangrep i Dhaka 1. juli 2016.

Ei gruppe som seier dei representerer IS i Bangladesh har sendt ut dette biletet av ein av terroristane

Foto: - / Afp

Ein av angriparane var sonen til ein framståande politikar i regjeringspartiet, fleire andre var under utdanning på prestisjetunge universitet og vidaregåande skular.

Tidlegare har det vore ei utbreidd oppfatning i Bangladesh at dei som støttar IS og andre militante islamistiske grupper, kom frå fattige familiar og hadde gått på ytterleggåande koranskular.

– Lokale islamistgrupper

IS har teke på seg ansvaret for angrepet, men styresmaktene i Dhaka nektar for at terrororganisasjonen hadde noko med det å gjere . Angriparane høyrde til lokale islamistgrupper i Bangladesh, hevdar dei.

Minst to drept i gisseldrama i Dhaka

Ein såra politimann blir hjelpt bort frå åstaden av ein kollega. Over 20 menneske vart drepne i terrorangrepet i Dhaka sist fredag.

Foto: Ap

20 gislar, to politimenn og seks angriparar vart drepne under terroraksjonen mot ein restaurant i ambassadestroket i Dhaka. NI italienarar, sju japanarar, ein amerikanar og ein frå India er blant dei drepne. Ein italiensk mann er framleis sakna.

Imitiaz Khan er ein profilert politikar i regjeringspartiet Awami League. Han vart sjokkert då han fekk meldinga om at sonen Rohan var blant terroristane. Khan har fortalt at sonen hadde vore sakna sidan desember i fjor, og at familien kjende han igjen frå fjernsynsbileta frå restauranten.

Fem av Dhaka-angriparane identifisert

– Skamfull og trist

– Han har halde bøn fem gonger om dagen frå han var heilt ung, og han har gått mykje i moskeen. Men dette hadde eg aldri tenkt meg. Sjokket og sorga har gjort meg mållaus. Eg er både skamfull og trist, seier han i eit intervju med BBC .

Ein av dei andre mistenkte, Nibras Islam, skal ha vore student på det prestisjetunge australske universitetet Monash i Kuala Lumpur i Malaysia, der det kostar over 70.000 kroner for å ta ein bachelorgrad.

Innanriksminister i Bangladesh, Asaduzzaman Khan, seier i eit intervju med nyheitsbyrået AFP at det har vorte trendy blant ein del velutdanna, frustrerte unge menneske å melde seg inn i ekstreme islamistiske organisasjonar i landet.

Ein tenestemann i Dhaka seier at fem personar som overlevde terrorangrepet, framleis er i politiet si varetekt. Etterforskarane vil vite meir om bakgrunnen deira, og vener og familiemedlemer er avhøyrde. Minst to av dei skal vere mistenkte i saka.

Terrorangrep i Bangladesh.

Ei kvinne viser fram biletet av sonen sin, som jobba på restauranten der terroraksjonen skjedde. Han vart drepen i angrepet.

Foto: STR / Afp

Mange avhøyrde

Politiet har også avhøyrt ein mann som fekk lov til å forlate restauranten før tryggingsstyrkane gjekk til aksjon. Mannen skal vere universitetslærar og tilsett ved eit fakultet der ein av gjerningsmennene studerte.

Ein av terroristane skal ha overlevd, medan seks andre vart drepne då tryggingsstyrkane aksjonerte. Det er frykt for at ein av dei kan ha vore ein tilfeldig person som ikkje hadde noko med angrepet å gjere, melder AFP.

Tenestemenn i politiet seier til BBC at terroristane høyrde til den militante islamistiske gruppa Jamaeyful Mujahdeen Bangladesh (JMB), men at dei også etterforskar om gruppa kan ha band til IS.