– Dei er alle frå Bangladesh. Dei er frå velståande familiar, og har god utdanning, sa innanriksminister Asaduzzaman Khan søndag.
20 personar, dei fleste utlendingar, blei drepne då islamististar storma ein kafé i ambassadestrøket i hovudstaden Dhaka fredag kveld. Gisselsituasjonen varte i 12 timar før kafeen blei storma av hæren. Terrorgruppa IS tok på seg skulda, og publiserte bilete inne frå kafeen via sitt nyheitsbyrå Amaq.
Høyrde til bangladeshisk terrorgruppe
Dei 20 drepne inkluderer ni italienarar, sju japanarar, tre bangladesharar og ein indisk tenåring. To politimenn blei også drepne, og 13 blei redda då soldatar storma restauranten laurdag morgon. Rundt 25 andre blei skadde.
Seks av dei sju angriparane blei drepne fredag, men den siste blei arrestert og deretter avhøyrt av politiet.
Dei fem angriparane som er identifiserte høyrde til den forbodne islamistgruppa Jumatul Mujahedeen Bangladesh, og familiane deira hadde ikkje høyrt frå dei på fleire månader, skriv Ap.
Politiinspektør A.K.M. Shahidul Hoque sa at dei undersøker om dei også hadde bindingar til IS, sjølv om regjeringa har nekta for dette.
Ikkje første gong IS blir mistenkt
Ekstremistiske angrep har skjedd stadig oftare i Bangladesh den siste tida, men dei fleste har vore angrep mot enkeltindivid – religiøse minoritetar, ateistar eller utlendingar. Minst 40 personar har blitt drepne sidan 2013.
- Les også:
Det er ikkje første gong det er mistanke om IS i samband med angrep i Bangladesh, men regjeringa har kvar gong nekta for dette, og seier at slike påstandar berre er opportunistiske forsøk på å få merksemd globalt.
JMB har blitt skulda for å stå bak mange av desse angrepa, og hevdar å ha bindingar til IS. Andre lokale grupper skal ha band til Al Qaida, noko regjeringa også har nekta for.
Statsminister skuldar på opposisjonen
Angrepet fredag verka å vere godt førebudd, og angriparane hadde ei rekke våpen og bomber. Angriparane bad gjestene i restauranten sitere vers frå Koranen, og torturerte og drap dei som ikkje kunne det.
– Ein som verkeleg er religiøs kan ikkje gjere noko slikt, sa statsminister Sheikh Hasina, som måndag besøkte staden der lika blir oppbevart, for å vise si medkjensle.
– Dei har ingen religion, deira einaste religion er terrorisme.
Regjeringa har blitt kritisert for ikkje å ta problemet med ekstremistisk vald på alvor, sjølv om regjeringspartiet Awami-ligaen har gått til val på å slå hardt ned på terror, skriv journalisten Samanth Subramanian i The New Yorker.
Hasina har skulda sine politiske opponentar, Bangladesh nasjonalistparti (BNP), for å prøve å skape kaos ved å støtte lokale militante, og fleire BNP-aktivistar har blitt arresterte den siste tida, skriv Wall Street Journal.
- Les også: