Sofia Hellqvist blir Den høgvørde prinsessa Sofia av Sverige, hertuginna av Värmland, og den sjuande med apanasje og fulltidsjobb for det svenske kongehuset.
– Det er ein konsekvens av tronfølgjerdninga vår. Giftar ein seg med kongen sitt samtykke, så følgjer det med ein tittel, fortel Roger Lundgren, redaktør i Kungliga Magasinet til NRK.
– Meir pompøse i Sverige
I Noreg deler fire personar tilsvarande oppgåve: kongen, dronninga, kronprinsen og kronprinsessa. Forfattaren Ari Behn vart til dømes ikkje prins då han gifta seg med den norske kongsdottera.
Den ulike praksisen med tildeling av kongelege titlar er eit uttrykk for forskjellane på Noreg og Sverige, seier statsvitar Carl Erik Grimstad.
– Det ville aldri gått i Noreg. Det kan godt tenkast at det er ganske klokt i Sverige, som er gjennomgåande meir pompøse enn Noreg. Dei har stivare former, er meir opptekne av titlar og er i det heile teke meir formelle,
I Noreg har det vore viktig at det norske kongehuset ikkje blir for stort, for å unngå ein stor halvborgarleg adel med særskilde privilegium.
– I 1968 var folk svært uroa for at me skulle få ein borgarleg adel ved at familien til kronprinsesse Sonja skulle gå for langt i å utnytta posisjonen, men det skjedde jo ikkje, fortel statsvitar Grimstad.
- LES OGSÅ: Prins Carl Philip gifter seg 13. juni
- LES OGSÅ: Prinsesse Madeleine har termin i juni