NRK Meny
Normal

– Stor fare for epidemiar i Nepal

– Infrastrukturen i Nepal kan vere øydelagt etter jordskjelvet. Dersom drikkevatn og kloakk blandar seg, er det stor fare for epidemiar, seier generalsekretær Anne Marie Nørstelien Helland i Kirkens Nødhjelp.

Dagsrevyen-intervju med generalsekretæren i Kirkens Nødhjelp.

VIDEO: – Nepal eit vanskeleg land å drive naudhjelpsarbeid.

Ho fortel at både Utanriksdepartementet og FN har bede Kirkens Nødhjelp om å førebu arbeid innan vatn og sanitær, som er organisasjonen sin spesialitet. Andre organisasjonar vil hjelpe til med å berge menneske ut av ruinane og gi helsehjelp. Talet på omkomne kom i kveld opp i minst 1400.

Hjelpeaksjon for Nepal i gang.

Ein internasjonal hjelpeaksjon er i gang. Her blir eit fly lasta med naudhjelp til Nepal i den indiske byen New Delhi.

Foto: Rajesh Kumar / Afp

– Nepal er eit fattig land. Hovudstaden Katmandu, som er hardt ramma av skjelvet, består i hovudsak av murbygningar som ikkje toler jordskjelv. Bygningar rasar saman i Katmandu sjølv når det ikkje er jordskjelv, seier Nørstelien Helland til NRK.

– Krevjande land

Ho understrekar at Nepal har lite ressursar og er heilt avhengig av internasjonal hjelp.

– Nepal er eit fjelland, eit land med stort kulturelt mangfald. Dei har lite ressursar og er eit krevjande land å drive naudhjelpsarbeid i, seier ho.

Generalsekretæren i Kirkens Nødhjelp fryktar at kloakk skal blande seg med drikkevatn. Det kan skje når røyrsystema blir øydelagde av skjelvet, og med tanke på at mange skadde har opne sår, kan det igjen føre til alvorlege epidemiar.

Alle dei store hjelpeorganisasjonane er alt i gang med å organisere hjelpearbeidet til det jordskjelvramma landet i Himalaya. Kirkens Nødhjelp, Røde Kors og dei andre store organisasjonane ber folk gi pengar til arbeidet.

– Det var som tatt ut av ein film

Søndag eller måndag

Jordskjelv i Nepal.

Hjelpearbeidet i Nepal er svært vanskeleg. Mange er enno fanga i ruinane av samanraste hus.

Foto: PRAKASH MATHEMA / Afp

Dei første medlemene i Kirkens Nødhjelps beredskapsgruppe gjer seg klare til å reise til Nepal alt søndag eller måndag. Også Røde Kors her i landet vil sende folk, og ei gruppe kan vere på plass i Nepal i løpet av 48 timar, seier naudhjelpskoordinator Olav Aasland.

– Vi treng meir informasjon, men det kan vere alt frå ei lita gruppe på fire til seks personar til ei større gruppe på 20–30 hjelpemannskap, seier han til P4.

Generalsekretær i Røde Kors, Åsne Havnelid, seier i kveld at Røde Kors i Noreg har løyvd ein million kroner til hjelpearbeid i Nepal, medan Det internasjonale Røde Kors har løyvd fire millionar kroner.

FNs organisasjon for born, Unicef, ar alt på plass i Nepal, og den norske avdelinga er også i beredskap for å hjelpe til. Det er også aktuelt å sende norske redningshundar for å hjelpe til i arbeidet i Nepal.

Desse hundane var sist i aksjon i utlandet i 2003, etter eit jordskjelv i Iran.

Ektepar på Everest-tur: – Vi er trygge

30 millionar frå regjeringa

Også organisasjonen Care, som har vore i Nepal sidan 1978, har starta innsamling. Jon Rogne Bolstad i Care seier at den første responsen frå dei vil vere å gi folk førebels innkvartering, enkle måltid, vassreinsing og latrinar.

Den norske regjeringa har førebels løyvd 30 millionar kroner til ein første innsats for å hjelpe jordskjelvoffera i Nepal.

Mange hus har rast sammen, og dødstallet vil trolig stige enda mer ettersom redningsmannskaper får søkt gjennom ruinene.
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt