Hopp til innhold

– Det var som tatt ut av ein film

Karoline Ryslett Follestad frå Ørsta er utvekslingsstudent i Nepal. Ho var på ei tatoveringsmesse då panikken braut ut.

Karoline Ryslett Follestad

Karoline Ryslett Follestad har slått leir på ei tennisbane for natta.

Foto: privat

Jordskjelv i Nepal

Jordskjelvet hadde ein styrke på 7,9

Foto: Karoline Ryslett Follestad

23 år gamle Karoline Ryslett Follestad har budd i Katmandu i Nepal sidan i august i fjor. Ho er utvekslingsstudent frå NTNU i Trondheim. I dag var ho på ei tatoveringsmesse då jordskjelvet kom.

– Det var som om det var tatt ut av ein film. Det er ikkje overdrive, seier Follestad til NRK. Rundt henne braut det ut panikk, men ingen vart alvorleg skadd der ho var. På skulen har elevane fått trening i korleis dei skal oppføre seg under jordskjelv.

– Eg skjønte fort kva som skjedde etter at straumen gjekk, og eg tenkte ganske rasjonelt, fortel Follestad.

LES OGSÅ:

Overnattar på tennisbane

Karoline Ryslett Follestad

Karoline Ryslett Follestad /23) frå Ørsta har vore utvekslingselev i Nepal sidan august.

Foto: privat

No har studenten slått leir på ei tennisbane for natta. Dei har fått delt ut presenning som dei brukar til tak over hovudet. Hotellet i nærleiken har også delt ut mat og vatn.

23-åringen føler seg heldig opp i det heile.

– Det kjendest som om det ikkje skulle gå bra, men vi var heldige, seier Follestad.

No er det mørkt rundt henne, men øydeleggingane der ho er, er ikkje så store som ho først trudde.

Dødstalet kan stige

Jordskjelv i Nepal

Nokre av øydeleggingane i området der studenten frå Ørsta bur.

Foto: Karoline Ryslett Follestad

Styresmaktene i Nepal har ikkje oversikt over kor mange som har omkome etter jordskjelvet, men over 1400 er stadfesta døde. Det er venta at dette talet vil stige.

Det skal vere rundt 150 nordmenn i Nepal. Så langt UD kjenner til, skal ingen av desse ha kome til skade.

Statsminister Erna Solberg (H) har sagt at Noreg skal bistå med hjelp etter jordskjelvkatastrofen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL