NRK Meny
Normal

– Russland sender soldatar til Ukraina-grensa

– Russiske soldatar er flytte nærmare grensa til Ukraina, og russiske spesialstyrkar held fram med å trene opp opprørsstyrkane i det austlege Ukraina, sa NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg i ettermiddag.

NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg.

Jens Stoltenberg sa på ein pressekonferansen i Brussel i dag at Russland har sendt fleire soldatar til grenseområdet mot Ukraina.

Foto: Yves Logghe / Ap

Samstundes seier Ukrainas president Petro Porosjenko at han har gitt ordre til dei militære leiarane i landet om å sende inn fleire soldatar til den austlege delen av landet for å forsvare byane der mot opprørsstyrkane.

President i Ukraina, Petro Porosjenko.

President Petro Porosjenko under møtet dei militære sjefane i Ukraina i dag.

Foto: Sergei Chuzavkov / Ap

Porosjenko seier han fryktar at dei prorussiske opprørarane i områda som grensar mot Russland har planar om ein offensiv mot byane Mariupol, Berdjansk, Kharkiv og det nordlege Luhansk.

– Står fast på våpenkvile

Tidlegare i dag gjorde Porosjenko det klart at ukrainske styresmakter står fast på våpenkvileavtalen dei har skrive under. Den ukrainske presidenten møtte i dag dei viktigaste militære leiarane sine for å diskutere situasjonen etter at dei russiskvenlege separatistane i aust heldt val i Donetsk-regionen.

Jens Stoltenberg heldt i ettermiddag ein pressekonferansen saman med EUs nye utanrikssjef Federica Mogherini. Mogherini sa på si side at tryggingssituasjonen i det austlege Ukraina blir verre dag for dag, men at ho framleis har håp om ei politisk løysing.

EUs utanrikssjef Federica Mogherini.

EUs nye utanrikssjef Federica Mogherini håpar framleis på ein fredsavtale for det austlege Ukraina.

Foto: Yves Logghe / Ap

Mogherini sa likevel at separatistane sitt val i Donetsk sist helg kan føre til at det kan bli umogleg å få til ein fredsavtale.

– I strid med Minsk-avtalen

Jens Stoltenberg oppmoda igjen Russland til å samarbeide med Vesten om Ukraina, men han sa også at han ser på valet i det opprørskontrollerte fylket Donetsk som direkte i strid med våpenkvileavtalen som vart underskriven i Minsk i Kviterussland.

– Vi ber Russland arbeide for ei fredeleg løysing og respektere Minsk-avtalen for å få til ei politisk løysing, sa generalsekretæren blant anna.

Stoltenberg sette også den russiske miitære innblandinga i Ukraina i samanheng med den auka russiske flyaktiviteten nær NATOs medlemsland. Han opplyste at NATO har avskore russiske fly over 100 gonger hittil i år, og det er nesten tre gonger så mange gonger som i heile fjor.

LES OGSÅ: Separatistleder tatt i ed i Donetsk

LES OGSÅ: Porosjenko kaller inn sikkerhetssjefer til krisemøte

Demonstrasjon til støtte for Putin i Moskva.

Demonstrantane i Moskva bar banner i dei russiske fargane og bilete av Vladimir Putin.

Foto: Ivan Sekretarev / Ap

– Moralsk overmakt

Demonstrasjonar i Moskva.

Krisa i Ukraina fekk folk til å strøyme til paradane i Moskva i dag. Denne kvinna viser fram det russiske flagget og fleire ikon.

Foto: OLGA MALTSEVA / Afp

Samstundes blir det meldt frå Moskva at rundt 70.000 menneske i dag demonstrerte til støtte for president Vladimir Putin og mot Vesten. Med vaiande flagg og banner i dei russiske fargane kvitt, raudt og blått, og plakatar med bilete av Putin, marsjerte demonstrantane i sentrumsgatene i Moskva.

Fleire av demonstrantane hadde banner med støtteerklæringar til separatistane i det austlege Ukraina. Paraden under det som blir kalla «Einskapens dag» skjer kvart år, men i år var det ekstra mange med på grunn av krisa i Ukraina.

Putin viste seg ikkje under sjølve paraden, men han talte seinare på dagen der han framstilte Russland som den moralske overmakta i verda i striden med Vesten om Ukraina. Han understreka også at Russland i dag er eit meir sameint folk enn på mange år.

LES OGSÅ: Porosjenko kaller inn sikkerhetssjefer til krisemøte

LES OGSÅ: Ukraina: Russiske soldater krysser grensen

LES OGSÅ: – Demokratiutviklinga i Russland går bakover

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt