Politiet seier situasjonen no er under kontroll. Dei opplyser også at gjerningsmannen var ein 31 år gammal mann frå ein av forstadane til Paris, og at han var kjent for å ha ekstreme haldningar.
Politikjelder opplyser til AFP at sjåføren i bilen var væpna, men dette er ikkje offisielt stadfesta. Dei same kjeldene fortel at det både var ein Kalasjnikov, fleire handvåpen og gassflasker i bilen.
Det var denne bilen angriparen brukte til å ramme eit politikøyretøy på Champs-Elysees i ettermiddag.
Foto: Thomas Samson / AFPInnanriksminister Gerard Collomb seier at gjerningsmannen er død, og at bilen hans eksploderte i det han køyrde inn i politibilen. Ei bombegruppe undersøkte både bilen og området rundt.
Sperra av stort område
Ingen andre enn gjerningsmannen skal vere skadd.
Store politistyrkar har sperra av eit stort område, og Marigny-teateret, som ligg like ved, er evakuert. Metrostasjonen Champs-Elysees-Clemenceau er stengt. Politiet har bede folk om å halde seg unna området.
Det har vore høg terrorberedskap i Frankrike etter fleire alvorlege terrorangrep dei siste åra.
Det kom ein gulaktig røyk ut av bilen etter samanstøyten med politikøyretøyet.
Foto: Social Media / ReutersStore politistyrkar sperra av eit stort område i sentrum av Paris etter at ein bil køyrde inn i eit politikøyretøy på Champs-Elysees i ettermiddag.
Foto: Gonzalo Fuentes / Reuters– Eksplosjon i bilen
Politiet rykte raskt ut med store styrkar til Champs-Elysees i ettermiddag.
Foto: Gonzalo Fuentes / ReutersDet var like før klokka 16 i ettermiddag at alarmen gjekk på hovudgata like i nærleiken av presidentpalasset. Også den amerikanske ambassaden ligg like ved.
Ein journalist frå avisa Liberation såg det som skjedde. Han seier at han såg ein eksplosjon inne i bilen, og at politiet trekte mannen ut. Så brukte dei pulverapparat for å sløkkje brannen.
Hendinga skjer berre to månader etter at ein politimann
på Champs-Elysees. Det er framleis unntakstilstand i Frankrike etter fleire alvorlege angrep frå islamistar dei siste åra.
Det samla seg mange ved politisperringane for å prøve å sjå kva som skjedde.
Foto: Thomas Samson / AFP