Hopp til innhold

– Overførte 100.000 dollar til sambuaren nokre dagar før massakren

Massedrapsmannen Stephen Paddock overførte sist veke 100.000 dollar til ein bakkonto på Filippinane, som sambuaren hans disponerer, ifølgje kjelder i politiet. Politiet seier dei har vore i kontakt med den filippinske kvinna.

Bilete frå sosiale medium av Stephen Paddock

Stephen Paddock drap minst 59 menneske og såra over 500 i ei masseskyting i Las Vegas natt til måndag norsk tid.

Foto: Handout / Reuters

Marilou Manley (62) er ikkje mistenkt for å ha vore delaktig i massakren i Las Vegas, men politiet vil svært gjerne snakke med henne. Dei har fått stadfesta at ho oppheldt seg på Filippinane under masseskytinga natt til måndag.

Etter planen skal ho kome tilbake til USA førstkomande onsdag. Politiet veit ikkje om pengane var til henne, til familiemedlemer eller til andre formål, seier fleire politikjelder til NBC News .

Saksøkte hotell

Marilou Danley.

Stephen Paddock overførte 100.000 til sambuaren Marilou Danley nokre dagar før massakren i Las Vegas.

Foto: Handout / Reuters

Stephen Paddock saksøkte i 2011 eit hotell i Las Vegas for 100.000 dollar, etter at han sklei på golvet og skada seg. Amerikanske NBC News har i dag vist ein overvakingsvideo frå hotellet, som viser fallet.

Paddock sa at det var vått der han sklei og ramla, og han kravde dei 100.000 for å betale utgiftene sine til helsetenester etter fallet, og for tort og svie.

Advokaten til hotellet, Marty Kravitz, seier til NBC News at Paddock stod fram som sjuskete og nærmast bisarr då han framførte vitnemålet sitt. Men han verka ikkje å vere psykisk ustabil, påpeikar han.

– Dette er ikkje ein mann eg ville sett på og tenkt at han ein dag skulle bryte lova, seier advokaten.

Stephen Paddock (64) skjøt konsertgjengere fra hotellrommet i 32. etasje

Paddock like før han sklir.

Overvakingskamera fanga opp Stephen Paddock då han sklei på golvet på Hotell Cosmopolitan i 2011.

Foto: Overvakingskamera

Tapte saka

Hotel Mandalay Bay.

Massedrapsmannen skaut frå hotellrommet sitt i 32. etasje på Hotel Mandalay Bay.

Foto: Mike Blake / Reuters

Saka hans kom opp til mekling i 2014, og dommaren avviste skuldingane om at hotellet hadde gjort seg skuldig i aktløyse. Då Paddock i går massakrerte minst 59 menneske hadde han framleis ei gjeld til rettsstellet på 270 dollar.

Familiemedlemer har sagt at Stephen Paddock var ein pensjonert rekneskapsførar som budde i byen Mesquite i Nevada. Han var skilt, men budde saman med Marilou Danley.

Broren Eric Paddock seier at massedrapsmannen hadde tent millionar av dollar på investeringar i eigedom, men at han no dreiv med gambling i stor stil. Broren seier han er i sjokk over at 64-åringen kunne gjere noko slikt.

Stephen Paddock hadde «sju stjerner-status» på Caesar's Entertainment casinos i Las Vegas. Det er ein status som berre storspelarar oppnår. Kjelder ved kasinoet har fortalt til NBC at Paddock hadde spelt for over 10.000 dollar i døgnet i dagane før massakren.

Sorg i Las Vegas.

Det er sorg som pregar Las Vegas i dag, dagen etter den verste massakren i USAs moderne historie.

Foto: Drew Angerer / AFP

Dette er de drepte etter masse­skytingen i Las Vegas

Massiv etterforsking

FBI har sett i verk ei massiv etterforsking om at Paddock kan ha hatt medhjelparar, og om han har høyrt til ei militant gruppe. Etterforskinga har vist at han hadde 23 ulike våpen på hotellrommet i Las Vegas.

Politiet har også funne ytterlegare 19 våpen, eksplosiv, ammunisjon og materiale til å lage bomber i husværet hans i Mesquite, blant anna nitrogenbasert gjødsel. Både Anders Behring Breivik og Timothy McVeigh, mannen bak bombeattentatet i Oklahoma City i 1995, laga bomber av denne typen gjødsel.

Det har kome fram at Paddock ikkje fekk fornya flysertifikatet sitt av medisinske grunnar, men det er uklart om det skuldast fysisk eller psykisk sjukdom. Han har ikkje eit kriminelt rulleblad, trass i at faren hans, Benjamin Hoskins Paddock var ein kjent bankranar i USA på 1970-talet.

SISTE NYTT

Siste nytt