Hopp til innhold

– Mugabe vil heller døy enn å trekkje seg

HARARE (NRK): Både Robert Mugabe og kona Grace er klare til å døy for det dei meiner er rett, og dei har ingen planar om å trekkje seg. Regjeringspartiet ZANU-PF vil ifølgje kjelder i partiet fjerne Mugabe som partileiar alt i morgon.

Robert og Grace Mugabe.

Robert og Grace Mugabe seier dei er villige til å døy for det som er rett, ifølgje ein nevø.

Foto: Philimon Bulawayo / Reuters

Nevøen Patrick Zhuwao, som sjølv har søkt tilflukt i nabolandet Sør-Afrika, seier at han snakka med Grace Mugabe (52) i går. Ho fortalde at president Robert Mugabe (93) knapt nok har sove sidan militærkuppet tidlegare denne veka, men at helsa hans elles er god.

Demonstrant i Harare.

Ein demonstrant i Harare gir klart uttrykk for kva han meiner om førstedame Grace Mugabe.

Foto: - / AFP

Nevøen skuldar hæren i Zimbabwe for å stå bak den store demonstrasjonen i hovudstaden Harare i dag, for å skjule at dei har gjennomført eit kupp. Og han gjer det klart at presidenten ikkje vil trekkje seg, fordi det vil vere å legitimere kuppet og brotet på grunnlova.

Like før klokka 17 kom det melding om at ein bilkortesje akkurat hadde køyrt ut frå palasset. Tryggingskjelder seier til Reuters at Mugabe ikkje var med.

Marsj mot presidentpalasset

Det er langt mellom støttespelarane til den aldrande presidenten i gatene i Harare i dag. Fleire titusen menneske marsjerer i gatene for å demonstrere mot Mugabe, og leiaren for krigsveteranane, Victor Matemadanda, oppmoda menneskemengda til å marsjere mot presidentpalasset.

Bakgrunn: Maktkamp mellom skandalekone og listig visepresident

– La oss ta tilbake landet vårt frå Mugabe, sa han til stor jubel frå tilhøyrarane.

I føremiddag stansa politiet ei gruppe demonstrantar som ville marsjere mot palasset, men ifølgje fjernsynet i Zimbabwe har dei på nytt starta ein marsj mot presidentbustaden.

Tusenvis av mennesker er nå ute og protesterer i gatene i Zimbabwes hovedstad, Harare.

NRKs Afrika-korrespondent Sverre Tom Radøy rapporterer frå Harare.

Demonstrasjon mot Mugabe.

Ein kvinneleg demonstrant med ein klar bodskap. Mugabe må trekkje seg tilbake.

Foto: Tsvangirayi Mukwazhi / AP

Matemadanda oppmoda demonstrantane om å gå mot presidentbustaden, kjent for det karakteristiske blå taket.

– La oss gi bestefar Mugabe og sekretær-kona hans ein klar beskjed om å kome seg vekk, sa den karismatiske leiaren for krigsveteranane blant anna.

Han kan bli Zimbabwes nye president: Mugabes håndlanger

Dansar i gatene

Hæren i Zimbabwe har gjort det klart at dei greip inn for å hindre at Robert Mugabe overlèt makta til kona Grace. Hæren avviser likevel at dei har gjennomført eit statskupp.

Stemninga i gatene i Harare er prega av song og dans. Demonstrantane klemmar soldatane og tek bilete av seg sjølve saman med dei uniformerte. Det er uklart kor mange som deltek i demonstrasjonane i den zimbabwiske hovudstaden, men nokre kjelder seier det er fleire hundre tusen.

Bilar med flagg køyrer rundt i gatene og tutar. Folk har drapert seg i flagget, dei dansar og syng, og alle helsar og gir kvarandre klemmar.

– Endeleg er det over, vi kan sjå fram mot ein ny kvardag, seier mann i dress, som gav NRKs korrespondent ein god kjem.

– Dette er gledestårer. Eg har venta på denne dagen i heile livet mitt. Vi er endeleg fri, seier Frank Mutsindikwa.

Mange snakkar om ei frigjering nummer to. Den første frigjeringa var frå det britiske koloniveldet i 1980, og no er det frigjeringa frå Mugabe og hans regime. Folk håpar først og fremst på ei betring av den økonomiske situasjonen i landet.

Utan støtte i partiet

I går vart det klart at Mugabe har mist all støtte i regjeringspartiet ZANU-PF. Leiar frå partilaga i alle provinsane i landet bad han om å trekkje seg. Ifølgje Reuters blir det ei ekstraordinært møte i sentralkomiteen i partiet søndag føremiddag, og at dei då vil vedta å fjerne Mugabe som partileiar.

Det kan kome forslag om å starte førebuingar til ei riksrettssak når parlamentet møtest igjen førstkomande tysdag.

Kjelder i partiet seier at det er stort fleirtal for også å fjerne Grace Mugabe frå vervet som leiar for dei kvinnelege partimedlemene. Dei same kjeldene seier at partiet ynskjer den sparka visepresidenten Emmerson Mnangagwa tilbake.

SISTE NYTT

Siste nytt