Hopp til innhold

– Mange russarar har døydd under mystiske omstende i Storbritannia

Russlands ambassadør i Storbritannia, Alexander Jakovenko, seier at landet mistenkjer Storbritannia for å stå bak nervegift-angrepet mot ein russisk eks-spion og dobbeltagent i Salisbury 4. mars i år.

Alexander Jakovenko, russisk ambassadør i Storbritannia.

Ambassadør Alexander Jakovenko sa på ein pressekonferanse i ettermiddag at Russland finn det mistenkjeleg at så mange russarar har mist livet på mystisk vis i Storbritannia.

Foto: Yui Mok / AP

– Det er mistenkjeleg at så mange russarar har mist livet under mystiske omstende i Storbritannia dei siste åra, sa Jakovenko blant anna på ein pressekonferanse i London i ettermiddag.

Han sa også at Russland vil akseptere testane av nervegifta som vart brukt i Salisbury, men at dei krev å få vite kven ekspertane som utførte testen er. Han la til at Russland ynskjer internasjonal deltaking i etterforskinga av nervegift-angrepet på den russiske eks-spionen og dobbeltagenten Sergej Skripal.

Lavrov: – Giftangrepet en fordel for Storbritannia

Kan ikke bevise at nervegiften er laget i Russland

Dottera betre

Sergej Skripal i eit russisk fengsel i 2006.

Sergej Skripal fotografert då han enno sat i fengsel i Russland i 2006.

Foto: Yuri Senatorov / AFP

Det var 4. mars i år at Sergej Skripal (66) og den 33 år gamle dottera hans, Julia, vart funne sterkt forkomne på eit kjøpesenter i den engelske byen Salisbury. Dei vart tekne til sjukehus, der det vart slått fast at dei hadde fått i seg nervegifta Novitsjok.

Begge er framleis på sjukehus med alvorlege skadar, men tilstanden til Julia Skripal har vorte noko betre den siste tida. Ifølgje britisk politi vakna ho opp for vel ei veke sidan, og ho seier at ho blir betre dag for dag. Ho seier også at ho opplever situasjonen som forvirrande.

Julia Skripal.

Tilstanden til Julia Skripal har vorte mykje betre dei siste dagane.

Foto: Privat/Facebook / AP

Ifølgje Russia Times har ho sagt i ein telefonsamtale med ei kusine at også tilstanden til faren har vorte betre.

Ambassadør Alexander Jakovenko seier i ein kommentar at han er glad for at Julia Skripal er betre, og at han håpar at Sergej også vil bli frisk.

Britiske styresmakter gjekk raskt ut med å skulde Russland for angrepet, og utanriksminister Boris Johnson gjekk så langt som å seie at president Vladimir Putin gav ordre om det. Dette har vekt sterke reaksjonar frå Russland, og utanriksminister Sergej Lavrov har meir enn ymta om at britiske styresmakter sjølve kan ha stått bak angrepet.

Russland tapte avstemningen om felles etterforskning i nervegiftsaken

Nato-landet Tyrkia vil heller samarbeide med Russland

– Svært sannsynleg

Storbritannias statsminister Theresa May har sagt at det er svært sannsynleg at Moskva stod bak angrepet, eller at landet har mist kontroll over ein del av lageret av Novitsjok. Russland avviser dette og sier at landet ikkje har kjemiske våpen.

Politi i verneutstyr i Salisbury.

Politifolk i verneutstyr gjer undersøkingar på staden i Salisbury der den russiske dobbeltagenten og dottera hans vart funne sterkt forkomne 4. mars.

Foto: Ben Stansall / AFP

May gav Russland ein frist på 24 timar til å kome med ei forklaring på kva som hadde skjedd, men det kom aldri ei forklaring frå Moskva. 14. mars gav May beskjed om at 23 russarar tilsette ved ambassaden i London, måtte forlate landet.

Ho gjorde det klart at Storbritannia såg på dei 23 som russiske spionar.

Fire dagar etterpå utviste Russland 23 tilsette ved den britiske ambassaden i Moskva.

SISTE NYTT

Siste nytt