Mannen skal vere observert i ankomsthallen i minst eit kvarter før bomba gjekk av på Domededodvo-flyplassen.
Ein mann legg ned blomster for å heidre dei omkomne etter bomba på Domodedovo-flyplassen.
Foto: STRINGER/RUSSIA / Reuters35 personar vart drepne og 180 skadde i
. No vil russisk politi ha tak i 32 år gamle Vitaly Razdobudko, og etterlyser han.Dei peikar også på ni andre som mogleg mistenkte, ifølgje nyhetisbyrået AP.
Myndigheitene forsiktige
Mannen som sprengde seg i lufta skal ha vandra rundt saman med dei som venta i ankosthallen, og heile tida hatt venstre hand planta i lomma. Så skal han ha ropt «eg skal drepe dykk alle!» og detonert bomba midt blant folk.
Russiske myndigheiter har vore forsiktige med å gå ut med informasjon rundt etterforskinga. Seinast i går sa statsminister Vladimir Putin at han
.I dag melder AP at politiet har ti namn på personar frå Kaukasus-området som dei vil sjekke ut. Politiet mistenkjer at Razdobudko er medlem i terrorgruppa Nogai Jamaat, ei terroristgruppe som opererer sør i Russland.
Opprørsleder Junus-Bek Jevkurov i Ingusjetia.
Foto: JOHANNA LEGUERRE / AfpOpprørsleiaren Doku Umarov sa han stod bak angrepet på metroen i Moskva, der 40 menneske misste livet.
Foto: HO / AfpMistanke mot Kaukasus
Ifølgje The Telegraph er mannen ein etnisk russar som har konvertert til islam. Dei ni andre som politiet undersøkjer, skal også vere kopla til denne gruppa.
Så langt har ingen teke på seg ansvaret for angrepet, men ifølgje provinsleiaren i Ingusjetia, Janus-Bek Jevkurov, var det ei islamistisk undergrunnsgruppe i Nord-Kaukasus som stod bak.
– Det er leiarane av undergrunnsrørsla i Nord-Kaukasus som er ansvarlege, seier han til journalistar i hovudstaden Magas, og nemner spesielt Doku Umarov, melder nyheitsbyrået Reuters.
Umarov brukar å kalle seg emir av Emiratet Kaukasus.
- Les også:
- Les også: