Gennady Gudkov, leiar for tryggingskomiteen i det russiske parlamentet.
Foto: Alexander Zemlianichenko / ApI løpet av dei siste 15 åra er 1700 menneske drepne i eit 20-tals terrorhandlingar på russisk jord, ifølgje nyheitsbyrået AP.
– Mangel på ein rettsstat og eit høgt konfliktnivå har gjort ekstremisme og terrorisme til uungåelege og nærmast uovervinnelge problem i Russland, seier underhusrepresentant i den russiske Dumaen, Gennady Gudkov til Moscow Echo Radio.
– Dersom ingenting endrar seg, vil me få fleire terrorhandlingar i tida framover, legg han til.
– Alvorlegaste trugsmålet nokonsinne
Den urovekkjande uttalinga kjem dagen etter at den russiske flyplassen Domodevo vart utsett for eit terroråtak som presidenten i landet i dag omtaler som den mest alvorleg trugselen mot Russland nokonsinne.
Ein skadd mann får hjelp etter eksplosjonen inne i ankomsthallen.
Foto: DENIS SINYAKOV / ReutersMinst 35 menneske vart drepne og 180 såra då ein angiveleg kvinneleg sjølvmordsbombar sprengde seg sjølv i lufta inne i ankomsthallen på den travle Domodedovo-flyplassen i Moskva måndag ettermiddag.
- LES OGSÅ:– Kvinne kan ha utløst bomben
- LES OGSÅ: Medvedev: – Skal jages og straffes
Ingen har førebels teke på seg ansvaret for eksplosjonen, men president Dmitrij Medvedev har kalla hendinga for ein godt planlagd terrorhandling.
Åtaket er truleg er utført av islamske ekstremistar frå Nord-Kaukasus, og politiet jaktar no tre menn som er mistenkte for å vera involverte i terroraksjonen.
- LES OGSÅ: Det russiske problemet Tsjetsjenia
Svarte enker
I september 2004 vart 331 gislar, halvparten av dei born, drepne då ein skole i Beslan i Nord-Ossetia blei storma av tsjetsjenske opprørarar.
Foto: Yuri Tutov / AfpDet er i tilfelle ikkje første gongen at Kaukasus-konflikten får blodige konsekvensar.
Sidan 1995 har sjølvmordsbomber, eksplosjonar og gisselsituasjonar kravd meir enn 1700 menneskeliv.
Seinast i fjor vart over 40 drepne og meir enn hundre såra i to separate sjølvmordsaksjonar mot det tsjetsjenske parlamentet og mot metroen i Moskva.
- LES OGSÅ: 40 drept på metroen i Moskva
Det er ofte tsjetsjenske kvinner, eller såkalla «svarte enker» som står bak terroraksjonar i Russland. Dette er kvinner som har mista ein mann eller ein son i Kaukasus-konflikten, og som sprengjer seg sjølv i lufta i fortviling.
Domodedovo-flyplassen har også tidlegare vorte råka av eit enke-åtak. To tsjetsjenske kvinner detonerte i august 2004 kvar si bombe om bord på russiske passasjerfly, og tok livet av 90 menneske.
Kroppsscanning
Ein tilsett ved Demododovo-flyplassen utfører ein kroppsscanning av ein reisande.
Foto: IVAN SEKRETAREV / APTragedien førte til at flyplassen blei ein av dei første i verda til å innføra kroppsscannarar.
Men sikkerheita vart ikkje skjerpa meir enn at ein person i går kunne spasera inn på flyplassen med om lag fem kilo sprengstoff på kroppen utan å vekkja mistanke.
Russisk tryggingspoliti har no fått ordre og fullmakt til å oppspora og å «likvidera» dei ansvarlege bak den grufulle handlinga.
Men også
Etterforskinga har allereie avdekt alvorlege sikkerheitsmanglar.– Fullstendig anarki
President i Russland, Dmitrij Medvedev.
Foto: MISHA JAPARIDZE / AFP– Bevis frå åstaden viser at anarkiet regjerte. Folk kunne gå inn og ut i alle retningar utan å passera sikkerheitskontrollar, seier Medvedev, som også varslar rettsforfølgjing av dei ansvarlege på sin Twitter-profil.
Ei talskvinne for flyplassen, Yeklena Galanova, avviser derimot at leiinga kan stillast til ansvar for sikkerheitsbrot:
– Våre tilsette har følgt alle tryggingskrava som finst for russisk lufthamner.