Hopp til innhold

– IS kontrollerer halvparten av Syria

Terrorgruppa IS kontrollerer over halvparten av det syriske territoriet etter at dei i natt tok kontrollen over oldtidsbyen Palmyra, ifølgje ei eksilgruppe.

Krigere fra terroristorganisasjonen IS

IS-terroristane har ifølgje SOHR skaffa seg kontroll over halvparten av Syria.

Foto: Ap

Det er Syrian Observatory for Human Rights (SOHR) som melder om at over 50 prosent av landområda i det krigsherja landet no er under islamistgruppa sin kontroll.

Palmyra er den første store byen IS har teke direkte frå syriske regjeringsstyrkar.

Grafikk: IS-kontrollerte områder i Syria
Foto: Marco Vaglieri / NRK

Strategisk viktig by

Ifølgje Reuters er det i hovudsak tynt busette område IS har teke kontroll. Det har vore ein prioritet for den syriske hæren å bevara kontrollen over dei største byane i Syria, inkludert hovudstaden Damaskus, som ligg i vestlege delar av landet.

IS tok onsdag kveld kontroll over den militære flyplassen, etterretningshovudkvarteret og eit fengsel i Palmyra. Minst 462 mennesker skal vera drepne, blant dei 71 sivile, sidan IS
starta offensiven mot byen den 13. mai.

IS har tatt over kontrollen over Palmyra i Syria.

SJÅ VIDEO: Svart røyk steig opp frå Palmyra i dag tidleg etter harde kampar mellom IS og syriske styrkar i natt.

Palmyra er strategisk lokalisert ved krysningspunktet mellom hovudvegane til Damaskus og Homs i vest og Irak i aust.

Oldtidsbyen inneheld mange godt bevarte tempelruinar fra romertida. Eit antikt amfiteater ligg også der. IS-opprørarar har gått inn i dei historiske områda, men det er førebels ikkje rapportert om øydeleggingar av dei eldgamle kulturminna, ifølgje SOHR.

I mars i år la islamistane oldtidsbyen Nimrud, grunnlagd på 1200-talet f.Kr. i ruinar med vinkelsliparar og bulldosar.

SISTE NYTT

Siste nytt