Hopp til innhold

– Gi oss ordren om å marsjere mot Sør-Korea

Ei gigantisk massemønstring i den nordkoreanske hovudstaden Pyongyang i dag var retta direkte mot den sørkoreanske presidenten Lee Myung-bak.

Ein gigantisk plakat framstiller den sørkoreanske prsidenten som ei rotte.

Den sørkoreanske presidenten Lee Myung-bak blir framstilt som ei rotte på denne gigantiske plakaten.

Foto: Ng Han Guan / Ap

Massemønstring i Pyongyang i Nord-Korea.

Det er store dimensjonar over desse plakatane av dei tidlegare nordkoreanske leiarane Kim il-Sung og Kim Jong-il.

Foto: Ng Han Guan / Ap

Over 100.000 menneske deltok i den demonstrasjonen, der deltakarane bar plakatar med blant anna teikningar der den sørkoreanske presidenten var framstilt som ei rotte. Ein annan plakat viste Lee Myung-bak med avskoren strupe.

LES OGSÅ: Nord-Korea gruslegger avtale med USA

LES OGSÅ: – Nord-Korea vil nekte atominspektører adgang

– Føre landet saman igjen

Ein sterkt oppglødd nyheitsopplesar på det statlege fjernsynet oppmoda den nye leiaren Kim Jong-un om å gi dei ordren om marsjere mot Sør-Korea, for å slåst mot forrædarane og føre landet saman igjen.

Ein analytikar som kjenner Nord-Korea godt seier at retorikken mot Sør-Korea no er verre enn han har vore på fleire tiår.

Ein soldat som heldt ein appell til demonstrantane, både militære og sivile, sa det på denne måten:

– Vi soldatar er klare til å straffe rottene med våre gevær og rifler utan nåde. La oss fullstendig gjere slutt på regimet i sør. Vi har dei sterkaste militære midla til å slå til mot dei, sa han til kraftig applaus frå demonstrantane.

Artikkelen fortsetter under klippet.

Video - Gi oss ordren om å marsjere

NETT-TV: Over 100.000 menneske deltok i den demonstrasjonen, der deltakarane bar plakatar med blant anna teikningar der den sørkoreanske presidenten var framstilt som ei rotte.

LES OGSÅ: Sikkerhetsrådet advarer Nord-Korea

LES OGSÅ: Nord-Koreas unge leder holdt sin aller første tale

Spørsmål om kostnad

Leiarane i Sør-Korea har stilt spørsmål ved kva den store feiringa av 100-årsdagen for Kim il Sun sin fødsel har kosta eit land som ikkje ein gong har nok mat til å brødfø innbyggjarane sine.

Dette vart ikkje godt motteke i nord, og skuldingane mot spesielt presidenten har vore uvanleg sterke den siste tida.

Det er frykt for at Nord-Korea har planar om å gjennomføre ei ny prøvesprenging av ei atombombe, etter at ei prøveoppskytinga av ein langdistanserakett vart fin fullstendig fiasko sist veke.

Nordkoreanarar knyter nevane mot Sør-Korea.

Folkehavet knytte nevane mot fienden i Sør-Korea.

Foto: Vincent Yu / Ap
Protesttog i Pyongyang i Nord-Korea.

Det var enorme dimensjonar over protesttoget i den nordkoreanske hovudstaden Pyongyang.

Foto: Vincent Yu / Ap

LES OGSÅ: - Prestisjenederlaget er enormt

LES OGSÅ: Dyrker fortsatt sin store leder

SISTE NYTT

Siste nytt