Hopp til innhold

– Framleis utslepp frå giftdemninga

Det giftige raude slammet som fekk demninga i Ungarn til å bryte saman i oktober, lek framleis ut i elva, hevdar Greenpeace.

Ødelagt damanlegg i Ungarn

Demningen klarte ikkje å halde på giftslammet, og sprakk i eine hjørnet.

Foto: HO / Reuters

Giftslammet spreidde seg ut over eit stort område

Giftslammet spreidde seg ut over eit 40 kvadratkilometer stort område.

Foto: Sandor H. Szabo / Ap
Slammet stod halvvegs opp på veggane i Kolontar

Slammet stod halvvegs opp på veggane i landsbyen Kolontar.

Foto: Sandor H. Szabo / Ap
Stort ryddearbeid i Devecser

Også i landsbyen Devecser var det mykje slam å rydde vekk.

Foto: BERNADETT SZABO / Reuters

Ifølgje Greenpeace blir giftslammet pumpa gjennom ei ulovleg røyrleidning og ut i elva Marcal.

– Det ungarske selskapet MAL AG spreier no overskotsvatnet sitt direkte ut i naturen, hevdar den ungarske Greenpeace-avdelinga overfor Mother Nature Network.

Dei meiner EU no må på banen for å tvinge ungarske myndigheiter til å stanse ureininga. Myndigheitene har ikkje uttalt seg om påstandane.

– Godkjent miljøkrim

Ti personar omkom då meir enn ein million tonn giftig slam plutseleg strøymde ut frå aluminiumsfabrikken MAL utanfor Kolontar i oktober i fjor.

Slammet spreidde seg over eit område på 40 kvadratkilometer. To veker etter fekk selskapet lov til å starte opp på ny .

Greenpeace-aktivisten Balazs Tomori er frustrert over måten ungarske styresmakter har handtert dette.

– Det er uhyre frustrerande at den ungarske regjeringa har godkjent denne miljøkriminaliteten. Dei har aktivert ein katastrofeberedskap som overstyrer miljøreguleringane, seier han til nyheitsbyrået AFP.

Giftnivåa i slammet er etter utsleppet målt av eit miljøvernbyrå i Wien. Det er målt store mengder arsenikk, aluminium og organisk materiale, i nokre prøver opptil 100 gonger det lovlege nivået, skriv Mother Nature Network.

Kranglar om erstatning

Oppryddingsarbeidet starta straks etter lekkasjen, og det raude slammet vart vaska vekk. 500 av dei 800 innbyggjarane i Kolontar flytte heim i oktober, medan 190 meldte at dei ikkje ønskte å returnere.

Det ungarske selskapet som var ansvarlege for lekkasjen, tilbaud dei som vart råka, 44 millionar kroner (1,5 milliardar forintar) i erstatning .

Det vart også samla inn ein stor sum pengar til eit fond for dei som vart råka. No kranglar ofra om korleis pengane skal fordelast.

(Artikkelen held fram etter biletet.)

Vaskejobb etter utsleppet

Etter at vaskejobben er unnagjort, startar krangelen om kven som skal få erstatningspengane.

Foto: BERNADETT SZABO / Reuters

Innbyggjarar i landsbyen Devecser seier pengane ikkje går til familiane som treng hjelp, men til å byggje opp offentlege område i landsbyen.

Klagar på skuleprestasjonar

Ein av innbyggjarane i Kolontar seier nokre av ofra vart millionærar etter at huset deira vart vaska bort av det raude giftslammet.

Ein annan skuldar folk for å bruke erstatninga til å kjøpe seg bilar og flatskjermar, medan dei før katastrofen ikkje eingong hadde straum i huset.

Andre går til retten for å få det dei meiner dei har krav på. Eit par har nyleg saksøkt MAL for 10 millionar forintar (300.000 kroner), skriv den ungarske nettavisa Caboodle.

Dei vedgår at huset deira ikkje vart råka av slammet, men påstår at støv frå det raude slammet har gått ut over helsa og skuleprestasjonane til borna deira. Dei meiner også at verdien av eigedommen deira vart halvert etter utsleppet.

SISTE NYTT

Siste nytt