Hopp til innhold

– Ei økologisk katastrofe utan like

Giftig sølevatn trugar no heile økosystemet i Donau etter giftutsleppet i Ungarn. – Ei økologisk katastrofe utan like, seier statsministeren.

Statsminister i Ungarn, Viktor Orban

Statsminister i Ungarn, Viktor Orban, blir intervjua under besøket til landsbyen Kolontar i dag.

Foto: BALAZS MOHAI / Ap

– Det er vanskeleg å finne ord. Hadde dette skjedd om natta, ville alle ha vore døde, seier statsminister Viktor Orban.

Han besøkte i dag landsbyen Kolontar, den hardast råka landsbyen etter giftutsleppet måndag.

– Dette er ei økologisk katastrofe utan like, legg han til og gjentek at han meiner den kom etter menneskeleg svikt.

– Veggen fall ikkje saman på eitt minutt. Dette skulle ha blitt oppdaga tidlegare, seier statsministeren.

Greenpeace samlar vatn frå elva Marcal

Ein Greenpeace-aktivist samlar vatn frå elva Marcal for å kontrollere vasskvaliteten.

Foto: ATTILA KISBENEDEK / Afp

To menn fiskar på Donau i dag

To menn fiskar på Donau i dag. Det må dei slutte med, ifølgje myndigheitene.

Foto: Darko Vojinovic / Ap

Fisk dør i Donau

Giftutsleppet frå damanlegget til aluminiumsfabrikken Ajka har no nådd Donau, og det er funne død fisk i elva. Området der fisken vart funne er målt til pH 9,1.

– Eg kan stadfeste at vi har sett fiskedød i hovudåra til Donau, seier Tibor Dobson, leiar for katastrofehjelpa i området, ifølge nyhetsbyrået AFP.

Nå sloss myndigheitene for å redusere pH-verdiane i elva, som er målt til over 9,1 torsdag ettermiddag.

– Fisk kan ikkje overleve i område med pH 9,1, sier Dobson.

Hjelpemannskap deler no ut løpesetlar til innbyggjarane om at dei ikkje må fiske eller ete fisk frå elvane i området.

Til Romania laurdag

Donau er den nest lengste elva i Europa og renn frå Ungarn gjennom Kroatia, Serbia, Bulgaria, Romania og Ukraina og ut i Svartehavet.

No ventar ein rumensk tenestemann at slammet kan nå Romania laurdag.

Romania har derfor bede Ungarn om meir informasjon om utsleppet, for å kunne førebu seg på eventuell forureining av drikkevatn langs elva.

Historisk utslepp

Greenpeace reknar giftutsleppet som eit av dei tre verste miljøkatastrofene i Europa dei siste 30 åra. Fleire miljøvernorganisasjonar åtvarar mot langtidseffektane av tungmetall som bly, arsenikk og krom.

– Om metalla løyser seg opp, vil dei søkke til elvebotnen og bli tekne opp av plantar og fisk, seier Gabor Figeczky i WWF Ungarn.

Ungarske myndigheiter trur det kan ta eitt år å rydde opp, og at det kan koste Ungarn fleire titals millionar kroner.

Ein mann blir reflektert i giftvatn i landsbyen Kolontar

Ein mann blir reflektert i giftvatn i landsbyen Kolontar. – Om ulykka hadde skjedd om natta, kunne alle ha vore døde, meiner den ungarske statsministeren.

Foto: Bela Szandelszky / Ap

Vil starte opp i helga

Styreleiaren for selskapet MAL Zrt, Lajos Tolnay, seier til avisa Vilaggazdasag at dei ønskjer å starte opp att produksjonen til helga med eit anna damanlegg for det giftige avfallet.

Han peikar på at 3.000 arbeidsplassar står i fare om produksjonen ikkje blir teken opp igjen.

Selskapet hevdar at dei har gjennomført tilstrekkeleg overvaking av anlegget, og at ein inspeksjon same dag som ulykka skjedd, ikkje avdekkte noko.

Fire menneske er døde etter giftutsleppet. I tillegg er tre personar framleis sakna.

Ein redningsarbeidar leitar etter omkomne

Ein redningsarbeider leitar etter omkomne i landsbyen Kolontar.

Foto: LASZLO BALOGH / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt