Hopp til innhold

EU: – Skulle aldri ha blitt bygd

Ungarn skulle aldri ha godkjent bygginga av aluminiumsfabrikken som førte til det giftige utsleppet i oktober, seier EU.

Ødelagt damanlegg i Ungarn

Ungarn risikerer at EU går til sak mot dei om det viser seg at myndigheitene ikkje tok omsyn til EU-regelverket då bygginga av aluminiumfabrikken vart godkjend.

Foto: HO / Reuters

At ungarske styresmakter vurderte det raude slammet frå fabrikken til ikkje å vere livsfarleg, meiner EU var ei feilvurdering.

Europakommisjonen seier no at dei kan gå til sak mot Ungarn.

Dei har sendt eit brev til Ungarn med spørsmål om korleis denne vurderinga vart gjort.

Braut EU-lova

Ei EU-lov frå 2008 gav påbod om at indistri- og landbruksaktivitet med høg risiko for ureining, skulle vurderast spesielt.

– Vi ventar på eit svar frå Ungarn på spørsmåla våre, før vi bestemmer oss for om vi skal gå til sak eller ikkje, seier talsmann for miljøsaker Joe Hennon til nyheitsbyrået AFP.

Ifølgje Hennon ønskjer Europakommisjonen svar på korleis byggjeløyvet vart tildelt. Dei vil også vite om Ungarn vurderte EU-lovverket då dei klassifiserte slammet som ikkje-livsfarleg.

700.00 tonn giftslam

Ti personar døydde og fleire hundre misste husa sine då demningen som skulle halde på slammet gav etter 4. oktober 2010 .

Meir enn 700.000 tonn av det giftige og raude slammet vart spreidd ut over eit område på 40 kvadratkilometer, og forgifta vatnet i fleire elvar .

Giftutslipp i Ungarn

Slik såg det ut i den ungarske byen Devescer etter utsleppet.

Foto: LASZLO BALOGH / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt