Normal

– Endeleg skal IS kunne bli stilt for retten

Etterforskarar skal no samle inn bevis på overgrepa som IS har gjort seg skuldig i mot jesidiane i Irak. Det har Tryggingsrådet i FN bestemt. – Dette er ein siger for ofra som har kjempa så lenge for rettferd, seier menneskerettsadvokat Amal Clooney.

UN-SECURITY COUNCIL-CLOONEY

Amal Clooney følgde møtet i Tryggingsrådet torsdag. Med seg i salen hadde ho eitt av ofra for IS sine overgrep, Nadia Murad.

Foto: AFP

Den britiske menneskerettsadvokaten Amal Clooney representerer offer for valdtekter og kidnappingar som er gjennomførte av IS-medlemmer. Ofra tilhøyrer jesidiminoriteten i Irak. Gong på gong har ho bedt verdssamfunnet om å handle, slik at gjerningsmennene kan bli stilte for retten.

Tryggingsrådet i FN vedtok torsdag å etablere eit graskingsteam som skal samle inn bevis på massakrane som IS har utført mot jesidiane i Irak.

Nadia Murad og Amal Clooney snakker om jesidienes situasjon med BBC

Amal Clooney og Nadia Murad snakkar med BBC om vedtaket i Tryggingsrådet.

Rettferd for ofra

– Dette er eit viktig steg på vegen mot rettferd, at ofra endeleg skal få oppleve at sakene kjem for retten, seier Amal Clooney.

– For første gong seier FN til IS-terroristane: Dersom de gjer dykk skuldige i folkemord og andre krigsbrotsverk, vil de bli stilte for retten. Dette er ein svært viktig dag, seier Clooney. Vi er ikkje i mål enno, det er framleis mykje som må gjerast. Men vi har kjempa hardt for å komme så langt som dette, og vi er svært takksame for at Storbritannia har pressa på for å få dette vedtaket igjennom, seier ho.

Det er Storbritannia som har forma ut forslaget til resolusjonstekst.

Jesidier på flukt

Flyktningar på Sinjar-fjellet i Nord-Irak i 2014.

Foto: STRINGER/IRAQ / Reuters

Grufulle overgrep

Jesidikvinnene blei tatt til fange og brukte som sex-slavar då IS tok kontroll over Sinjar-regionen i Irak i august 2014. Ei av desse, som Clooney representerer, er Nadia Murad. Ho greidde å rømme etter tre månader, og har reist verda rundt for å fortelje om dei grufulle overgrepa kvinnene blei utsette for.

I fjor var ho i Noreg og fortalde i Urix om overgrepa, og at jenter heilt ned i niårsalderen blei misbrukte av IS-soldatar.

IS behandlet henne grusomt i tre måneder før hun klarte å flykte. Den siste tiden har Nadia Murad (22) reist til mange land for å fortelle sin historie. Under innspillingen av kveldens Urix-program ble det for tungt

Nadia Murad var i Urix-studio i januar i fjor. Ho braut saman då ho fortalde om korleis IS behandla henne før ho greidde å flykte.

– Håp for ofra

– Det har vore vanskeleg for Nadia og andre offer å forstå korfor ingen IS-medlemmer er blitt stilte for retten for folkemord og brot på menneskerettane, seier Clooney.

– Nadia er redd at IS-medlemmer berre skal kunne gå fritt rundt i samfunnet, utan straff. Det som har skjedd i dag, gir oss håp om at så ikkje skal skje. Vi kan ha eit håp om at granskinga vil få fram gode nok bevis til å få stilt desse menneska for retten, seier Clooney.

Mandatet skal vere klart i løpet av to månader. Skal vedtaket bli ein suksess, meiner Clooney det er avgjerande at etterforskarane får eit tydeleg mandat til å kunne gjennomføre konkrete undersøkingar ute i felten.

Må komme raskt i gang

– Det er også viktig at rettssakene som finn stad i Irak får internasjonal støtte for å sikre at dei blir gjennomførte på ein rettferdig og uavhengige måte, seier Amal Clooney.

Etter avstemminga takka Nadia Murad Tryggingsrådet på vegner av jesidikvinnene.

– Eg håpar vi kan få teamet på plass raskt, og at dei får kapasitet til å setje i gang med å opne massegraver og samle bevis, seier Murad.

Amnesty International og Human Rights Watch meiner resolusjonen ikkje er god nok. Human Rights Watch seier at det sjølvsagt er viktig å granske overgrep frå IS i Irak, men ein må også etterforske overgrep som er utførte av irakiske og internasjonale styrkar.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt