NRK Meny
Normal

– Eit stort tilbakeslag for den syriske revolusjonen

Samtidig som IS blir kjempa ned i Raqqa, har ei jihadistgruppe med tidlegare band til al-Qaida teke kontroll i nordvest.

Medlemmer frå Jaish al Fateh i Idlib

Medlemmer frå gruppa Jaish al Fateh, ein av mange islamistgrupper som har kjempa om Idlib den siste tida, ved ein grensekontroll 18.juli

Foto: AMMAR ABDULLAH / Reuters

– Dette er eit stort tilbakeslag for den syriske revolusjonen. Bashar vil sjå ut som at han kjempar mot terror, sa ein aktivist nyheitsbyrået AP har snakka med, anonymt i frykt for represalier frå Hayat Tahrir al-Sham (HTS).

HTS blei oppretta i januar og består av diverse grupper med utspring i al-Qaida, blant anna Fatah al-Sham, tidlegare Nusrafronten.

Etter fleire dagar med kampar mot rivaliserande Ahrar al-Sham og den meir moderate gruppa Den frie syriske hær (FSA) fekk dei 23.juli kontrollen over Idlib. Syriske opprørarar og aktivistar åtvarer mot at at dette er slutten for det moderate opprøret i det nordvestlege Syria.

Kamp mellom tidlegare allierte

77 jihadistar og 15 sivile skal ha døydd i løpet av dei fem dagane kampane vara, ifølge Syrian Observatory for Human Rights (SOHR).

Grenseovergang mellom Syria og Tyrkia

HTS skal også ha teke kontroll over ein grenseby nær denne grenseovergangen til Tyrkia; Bab al-Hawa. Den har vore viktig for å forsyne opprørarane i Den fire syriske hær. Flagget deira veira her ved overgangen.

Foto: AMMAR ABDULLAH / Reuters

Nusrafronten og Ahrar al-Sham kjempa side om side mot Assads hær i 2015, og skal ha hatt overtaket før Russland kom Assad til unnsetning med sine luftangrep.

I juli i fjor skifta Nusrafronten namn til Fatah al-Sham og sa at dei kutta alle band til al-Qaida, noko mange har sett på som eit forsøk på å forbetre imaget sitt og marknadsføre seg sjølve som ei gruppe som forsvarar det syriske folk.

Idlib er ein av dei siste provinsane i Syria som er ute av regimets kontroll. Det var her over 90 menneske blei drepne i eit angrep med saringass i april, som førte til at USA for første gong gjekk til direkte angrep på Assads styrker.

gravplass i Khan Sheikhun

Ein syrisk mann ber ved ein gravstein i Khan Sheikoun, ein opprørskontrollert by i Idlib-provinsen der over 90 menneske blei drepne i eit kjemisk angrep.

Foto: OMAR HAJ KADOUR / AFP

Kan kome Assad til nytte

No er syriske aktivistar er redde for at dette gir president Bashar al-Assad ein god grunn til å gå inn i regionen og slå ned på det han heile tida har meint er eit opprør i hovudsak frå islamistar og terroristar.

– Nusra-frontens dominans gjer at det er ein reell sjanse for at regimet kan gå inn i området med internasjonal anerkjenning, sa løyntnant Fares Bayoush, som har leia ei opprørsgruppe i nord-Syria, til AP tysdag.

Det vil også kunne verke til Assads fordel at Trump stansar CIAs program for å væpne og trene syriske opprørarar, som Washington Post melde i helga, med bakgrunn i anonyme kjelder.

Målet med innsatsen har vore å auke presset mot Syrias president Bashar al-Assad og styrke moglegheita for at han skulle gå av. Men samtidig som Assad-allierte Russland har blitt meir dominerande, har kampen mot IS har blitt hovudprioritet framfor Assads avgang.

Utfasinga av programmet viser nettopp Trumps interesse i å finne måtar å samarbeide med Russland på, ifølge amerikanske tenestemenn.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt