Hopp til innhold

Analfabetar byggjer avanserte solcelleanlegg

Kan ein analfabet bli ein dyktig solcelleingeniør? Absolutt, seier Bunker Roy, som har utdanna fleire tusen bestemødrer i den tredje verda til å byggje avanserte solcellepanel.

Bunker Roy er grunnleggjaren av The Barefoot College.

Bunker Roy fortel om ei utdanning heilt på tvers av det tradisjonelle skuleverket.

Foto: Bent J. Tandstad / NRK

Har du høyrt om Bunker Roy? Han er 66 år gammal, frå India og grunnleggjar av « The Barefoot College », som på norsk blir noko slikt som barfothøgskulen. Det er ein høgskule langt unna det vi kjenner som ein høgskule i vår del av verda, men som kan vise til imponerande resultat.

I fjor kåra prestisjetunge Time Magazine Bunker Roy til ein av dei 100 menneska som har mest innverknad på utviklinga i verda.

Kvinnelege analfabetar

Bunker Roy engasjerte publikum på Zerokonferansen.

Bunker Roy overraska mange på Zerokonferansen på Gardemroen.

Foto: Eirik Helleland Urke / Zero

Måndag og tysdag var han på Zero-konferansen på Gardermoen for å fortelje om korleis han har lært opp tre millionar landsbybuarar, dei aller fleste analfabetar, i India og andre land i Afrika og Asia til blant anna å bli solcelleingeniørar.

Det var mange av tilhøyrarane som fekk noko å tenke på av det den karismatiske indaren fortalde.

Konferansen er arrangert av Miljøorganisasjonen Zero .

Utbreiing av miljøvenleg energi i fattige og uvegsame område på landsbygda er ein stor del av arbeidet. Men også vassforsyning, husbygging og andre handverksområde er ein viktig del av utdanninga på høgskulen.

– Det å kunne lese og skrive er på ingen måte nødvendig for å kunne gjere ein stor innsats for lokalsamfunnet, seier Bunker Roy i eit intervju med NRK.no.

Slik han oppfattar den tradisjonelle høgare utdanninga er denne berre tilpassa urbane område. For dei fattige i landsbyane har det ingen verdi, seier han.

Livet endra retning

Roy er fødd inn i den høgare middelklassa i India. Vegen låg open for han for å få den utdanninga han ville ha. Men eit besøk i ein fattig landsby der dei aller fleste innbyggjarane var analfabetar, fekk livet hans til å endre retning.

Til store protestar frå foreldra, som ville han skulle bli lege eller advokat, valde han å arbeide saman med og arbeide for dei fattige på den indiske landsbygda.

– Mor mi nekta å snakke med i fem år, fordi eg ikkje ville ta ei tradisjonell utdanning, seier han med eit smil.

– Det er ein feil å tru at analfabetar ikkje kan bidra til samfunnet. Dei veit mykje om klimaet, om avlingar, om byggjeteknikkar og mykje meir. Det moderne samfunnet har mist evna til å kommunisere med desse menneska, og det er ein stor feil, seier Bunker Roy.

Han starta virket sitt på den indiske landsbygda for 45 år sidan. Barfothøgskulen vart til i 1972, og han var inspirert av tankane til den store indiske frigjeringshelten og pasifisten Mahatma Gandhi.

Desse solcellepanela skaffar straum til ein landsby i India.

Solcellepanel til fattige landsbyar er ei viktig oppgåve for The Barefoot College.

Foto: The Barefoot College

LES OGSÅ: Med humor og entusiasme for ei grønare framtid

LES OGSÅ: Trine Skei Grande imponert over Schwarzenegger

– Respekt for dei fattige

Bunker Roy hadde ei sterk kjensle av at storsamfunnet ikkje forstår måten dei fattige tenkjer på, og at dei ikkje viste dei nok respekt.

Han er ikkje tvil om at det er viktig å satse på kvinnene, og då særleg bestemødrene, for å få til utvikling i dei fattigaste områda.

– Gutar som lærer å lese og skrive og seinare reiser til ein stor by for å ta utdanning, dei kjem ikkje tilbake til landsbyen sin for å bruke utdanninga seie der. Dei blir i storbyen eller dei får seg jobba i utlandet. Bestemødrene kan vi stole på vil bu og arbeide der dei er, seier han.

Han minner om at i områda han snakkar om så blir kvinnene bestemødrer i 35-årsalderen. Og frå 35 år og fram til 50 er dei arbeidsmessig på topp, seier han.

Bunker Roy presiserer at det ikkje treng å vere ei ulempel å kunne lese og skrive, men at det heller ikkje er ein føresetnad for å lære. Dei fleste som har gått på hans barfothøgskule lærer seg å lese og skrive etter å ha teke ei praktisk utdanning på barfothøgskulen.

To kvinner i arbeid med eit solcelleanlegg.

To kvinner i arbeid ved eit solcelleanlegg i ein landsby i India.

Foto: The Brefoot College

Analfabet og ingeniør

Han fortel om kvinner utan lese- og skrivekunnskap som lagar dei mest avanserte solcelleanlegg. Andre blir tannlegar eller ingeniørar på andre felt. Og det skjer ofte ved bruk av teiknspråk, slik at dialektar og språk ikkje skal vere eit hinder.

Det er viktig å satse på kvinnene, seier han. Dei er langt meir endringsvillige enn menn, smiler han.

– Vi gjer alt på feil måte i forhold til det tradisjonelle utdanningssystemet, men vi oppnår resultat, seier han.

I dag har barfothøgskulen hovudkvarteret sitt i Tilonia i India. Alt er bygd opp av elevar og lærarar ved høgskulen basert på gamle byggjeskikkar og folkeleg erfaring, arkitektur som aldri har vore i nærleiken av tradisjonelt utdanna arkitektar.

Avansert teknologi

Høgskulen er likevel ingen sinke på moderne teknologi. Dei lagar sine eigne filmar, dei har eigen radiostasjon, og dei er representerte i store delar Asia og Afrika.

Bunker Roy er sikker på at dette er rette måten å jobbe på vidare for å få miljøvenleg energi ut til dei aller fattigaste.

Meir om Barefoot College


SISTE NYTT

Siste nytt