NRK Meny
Normal

Trine Skei Grande imponert over Schwarzenegger

Venstre-leiar Trine Skei Grande var positivt overraska over talen til Arnold Schwarzenegger på Zero-konferansen på Gardermoen i dag. Men ho synest han skrytte litt for mykje av Noregs miljøinnsats.

Trine Skei Grande er partileiar i Venstre.

Venstre-leiar Trine Skei Grande let seg imponere av Arnold Schwarzenegger.

Foto: Bent J. Tandstad / NRK

– Det var meir innhald enn eg hadde forventa, og han teikna visjonar på kva vi skal gjere i framtida, sa Trine Skei Grande til NRK.no etter talen til den tidlegare California-guvernøren.

– For mykje skryt av Noreg

Arnold Schwarzenegger på talarstolen på Gardermoen.

Arnold Schwarzenegger talte varmt for ei grøn framtid på Zerokonferansen.

Foto: Kallestad, Gorm / Scanpix

Schwarzenegger kom med mange godord om den norske satsinga på lågare utslepp og andre klimatiltak. Her meiner Skei Grande likevel at den austerriksk/amerikanske superstjerna tok munnen for full.

Her burde han ha lese seg betre opp på førehand, seier ho.

– Det er ikkje uvanleg at vi blitt gjort til heltar i utlandet, medan det ikkje er tvil om at vi gjer for lite på dette området her i landet, seier Skei Grande.

Ho synest ikkje at Schwarzenegger har urealistiske mål når han kjempar for grøn energi og ei grønare framtid.

– Det er heilt urealistisk at vil kan halde fram som før. Desse endringane kjem, og det er viktig at vi blir med på utviklinga, seier Venstre-leiaren.

LES OGSÅ: Arnold på klimafest hos Stordalen

LES OGSÅ: Miljø-Arnold på plass i Oslo

– Nyttig møteplass

Ho er full av lovord om Zero-konferansen. Ho har delteke fleire år på rad, og meiner det er ein nyttig møteplass mellom miljørørsla, næringsliv og politikarar. Ho meiner at næringslivet i stor grad har teke miljøutfordringa meir på alvor enn mange politikarar.

– Det er svært mange frå næringslivet her, men ikkje så mange politikarar. Det seier sitt, seier Skei Grande.

På konferansen i dag orienterte Ole Enger frå solenergiselskapet Rec om situasjonen for solenergi, og han teikna eit optimistisk bilete for solenergisektoren på lang sikt. På kort sikt er det problem på grunn av den økonomiske krisa i Europa, men Enger var ikkje i tvil om at solenergi berre blir meir og meir viktig i åra framover.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger