Hopp til innhold

Med humor og entusiasme for ei grønare framtid

Arnold Schwarzenegger etterlyser ein visjon om alt det positive ei grøn framtid fører med seg. Det er ikkje hjelp i å gi folk skuldkjensle, meiner han.

Arnold Schwarzenegger på Zerokonferansen.

Arnold Schwarzenegger nådde fram til publikum på Gardermoen i ettermiddag.

Foto: Kallestad, Gorm / Scanpix

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Den nyleg avgåtte guvernøren i California, skodespelaren og kroppsbyggjaren Arnold Schwarzenegger, tok salen med storm då han steig opp på talarstolen på Zero-konferansen 20011 på Gardermoen i dag.

Borte var mannen vi kjenner frå Terminator-filmane med korte og mumlande setningar. Han framstod som veltalande og humoristisk, og ingen av dei andre talarane har vore i nærleiken av så få så mykje applaus som Schwarzenegger.

LES OGSÅ: Arnold på klimafest hos Stordalen

LES OGSÅ: Miljø-Arnold på plass i Oslo

Humor og konkrete eksempel

Arnold Schwarzenegger på Gardermoen.

Arnold Schwarzenegger hadde ingen problem med å nå fram til publikum på Zerokonferansen.

Foto: Kallestad, Gorm / Scanpix

Med humor og konkrete eksempel fekk Schwarzenegger det til å høyrest enkelt ut å skape ei grøn framtid. Han trekte fram det han hadde gjort i California, det Noreg gjer i dag, og han brukte ein liten by med 4000 innbyggjarar i fødelandet Austerrike som eksempel på at det er mogleg.

Göttingen har gått frå å vere ein fattig landsby som ikkje greidde å betale straumrekninga si, til å bli ein by som er sjølvforsynt med elektrisk kraft og som har skapt 1000 nye arbeidsplassar. Og alt dette har skjedd gjennom satsing på fornybar energi.

– Det er mogleg, sa Schwarzenegger, berre ein har ein visjon. Og han gjentok fleire gonger at slike lokale tiltak er heilt nødvendige for å få til framgang i å skape ei grøn framtid.

– Eg sa til ordføraren i Göttingen at det var folk som han som skulle ha styrt statar, som til dømes Hellas. Vi treng menneske som er i stand til å få ting gjort, sa Schwarzenegger.

Med arr i panna

Schwarzenegger kom til Noreg under innspeling av ein actionfilm i New Mexico i USA. Han snakka gjerne om det godt synlege arret i panna, som han fekk under innspelinga.

Arnold Schwarzenegger på Gardermoen

Det var trangt om plassen då journalistane ville snakke med Arnold Schwarzenegger.

Foto: Bent J. Tandstad / NRK

– Eg likar action, og det å skape ei grøn fram tid er action, sa han til kraftig applaus frå dei fleire hundre tilhøyrarane. Men han sa også at tilstanden til kloden vår ber preg av drama.

Han var oppteken av å handle lokalt, og ikkje vente på regjeringar. Han viste til eksempelet med California, som under hans guvernørtid gjekk i bresjen for å radikale kutt i klimautsleppa.

– Vi kunne ikkje vente på Washington. Skulle vi vente på ein gjeng som brukar fleire år på å bli samde om eit budsjett, spurde han. Han gjorde det klart at dette ikkje handlar om høgre og venstre i politikken, men om å ville framover.

– Ikkje skremselspropaganda

Den populære skodespelaren, som i januar i år gjekk av som guvernør i den amerikanske delstaten California etter to gonger fire år i sjefsstolen, er sikker på at det ikkje nyttar med å skremme folk til å tenkje på miljøet.

Arnold Schwarzenegger møter pressa på Gardermoen.

Arnold Schwarzenegger svarer på spørsmål frå journalistar etter talen på Zerokonferansen på Gardermoen.

Foto: Bent J. Tandstad / NRK

Han kritiserte miljørørsla for å ha vore for oppteken av å gi folk skuldkjensle og skape frykt for framtida. Dette er det ikkje hjelp i, sa han. I staden for å gi folk dårleg samvit fordi dei likar å køyre bil, må vi på ein positiv måte få dei til å køyre miljøvenleg.

– Vil må selje bodskapen vår til folk. Eg veit litt om det å selje, sa han, og viste til kva han gjorde for å gjere kroppsbyggingssporten kjend, og korleis han greidde å gjere filmane sine til store suksessar over nesten heile verda.

Han poengterte at det er nødvendig å peike på dei positive sidene ved grøn teknologi. Han viste til at det i California er skapt er ei mengde nye arbeidsplassar innanfor grøn teknologi, og at utsleppa i delstaten går ned.

Miljøvennlege produkt

Styresmaktene må leggje til rette for miljøvenlege produkt som elektriske bilar, bilar som går på hydrogen og bilar som går på biodiesel. Folk vil kjøpe slike bilar når dei blir konkurransedyktige på prius.

Utsleppa i California har gått ned tilsvarande at det er 40 millionar færre bilar på vegane, sa han blant anna. Veksten av grøne jobbar aukar meir enn andre typar jobbar, og det skjer heile tida noko positivt, sa han.

– Alt handlar om kommunikasjon. Vi må bli flinkare til å kommunisere til folk at dei ikkje treng å slutte å køyre bil, at dei ikkje misser jobbane sine dersom det blir satsa på alternativ energi. At det tvert imot blir fleire jobbar av det, sa han entusiastisk, og til applaus frå salen.

Schwarzenegger sa også at motparten er flinkare enn miljørørsla til å få folk med seg.

– Dei seier at folk vil misse jobbane sine dersom det blir satsing på rein energi, at dei ikkje skal få køyre bil, at økonomien blir øydelagt. Vi må bli flinkare å fortelje dei at det er det stikk motsette som er tilfelle, sa han.

– Må få køyre bil

Schwarzenegger var også oppteken av at vi ikkje kan forlange av til dømes kinesarane at dei skal droppe å køyre bil, når vi her i vår del av verda har gjort det i 100 år.

– Vi kan ikkje seie til dei at dei skal halde fram med å sykle, slik dei har gjort i mange år. Vi må heller få dei til å velje dei grøne alternativa, sa han. Han har stor tru på elektriske og hydrogendrivne bilar.

Arnold Schwarzenegger og Bente Engesland.

Arnold Schwarzenegger vart intervjua av Bente Engesland.

Foto: Kallestad, Gorm / Scanpix