Hopp til innhold

– 12-åring prøvde å sprenge bombe på julemarknad

Ein 12 år gammal tysk-irakisk gut prøvde nyleg å sprenge ei bombe på ein julemarknad i byen Ludwigshafen, melder det tyske nyheitsmagasinet Focus.

Ludwigshafen

Ifølgje magasinet skal guten, som er fødd i Ludwigshafen i 2004, ha fått instruksjonane sine frå ein ikkje namngitt IS-sympatisør. Magasinet siterer kjelder i politiet og rettsstellet.

12-åringen sette frå seg ein ryggsekk, som inneheldt ei heimelaga bombe. Bomba gjekk ikkje av på grunn av ein feil på detonatoren. Ein gjest på julemarknaden la merke til ryggsekken og varsla politiet.

Føderal etterforsking

Seinare greidde sprengstoffekspertar å desarmere bomba, heiter det i artikkelen i Focus .

Det er uklart om 12-åringen hadde laga bomba sjølv, eller om han hadde fått hjelp.

12-åringen vart arrestert og han er no i varetekt i ein ungdomsanstalt. Den føderale tyske påtalemakta har teke over ansvaret for etterforskinga.

Ein talsmann for påtalemakta vil ikkje kommentere saka overfor nyheitsbyrået Reuters.

Bomba vart funnen 5. desember, men 12-åringen skal ha plassert ryggsekken med bomba i eit buskas på området nokre dagar før. Julemarknaden trekkjer til seg svært mange menneske i førjulstida, og om bomba hadde gått av kunne skadane blitt store.

– Ville til Syria

Opplysningar Focus har fått tilgang til viser at den 12 år gamle guten har gjennomgått ein rask radikaliseringsprosess. Sist sommar hadde han lufta planar om å reise til Syria for å slutte seg til den islamistiske terrororganisasjonen IS.

Tysk storrazzia mot mistenkte IS-støttespillere

Terrorfrykt i München: Gjerder inn oktoberfesten

SISTE NYTT

Siste nytt