Hopp til innhold

99,97 prosent stemte på ein kandidat

Sjølv om dei berre hadde ein kandidat å stemme på i kvar valkrets, så møtte 99,97 prosent av alle nordkoreanarar opp for å gjere si borgarplikt i går – skal ein tru statleg nordkoreansk presse.

Folk ser på valglister i Nord Koreas lokalvalg

Nordkoreanarar sjekkar vallister før dei skal inn og stemme. 99,97 prosent av folket møtte fram.

Foto: Reuters

Valet i går var det første lokalvalet som vart gjennomført sidan Kim Jong-un tok over som president etter sin far Kim Jong-il i desember 2011.

– Entusiastiske veljarar

Og styresmaktene i Nord-Korea er nøgde med både valresultat og frammøte.

– Alle veljarane deltok i valet med enorm entusiasme for å stadfeste den revolusjonære makta gjennom valet av delegatar til dei lokale folkeforsamlingar, skriv det offisielle nordkoreanske nyheitsbyrået KCNA.

For det var visstnok berre dei som var utanlands som ikkje deltok i valet. Dei eldre og sjuke fekk stemme ved hjelp av flyttbare valurner. Resten skal ha delteke i valet, som hadde ei oppslutning på 99,97 prosent – same oppmøte som parlamentsvalet i 2011.

Dans under nordkoreansk val

Valdagen i Nord-Korea vart feira med dans og song. Eller enorm entusiasme, som det statlege nyheitsbyrået kallar det.

Foto: Reuters

Alle stemte ja

Og det overveldande oppmøtet kjem til trass for at veljarane i praksis ikkje hadde noko val. For i kvar valkrets var det berre ein kandidat å stemme på. Og imponerande nok, så stemte alle ja til kandidaten.

Nordkoreanske styresmakter tek dette som eit teikn på at folket er nøgde med den jobben kommunistpartiet gjer.

Førre lokalval var det 28.116 representantar som vart velt til å møte i nasjonalforsamlinga. Dei møter ein til to gonger gjennom fireårsperioden dei er velt til, og tek då stilling til regimets budsjettforslag, samt viser si støtte til dei leiarane som kommunistpartiet har føreslått.

Valg i Nord-Korea

Det var berre dei som bur i utlandet som ikkje gav si stemme i gårsdagens val.

Foto: Reuters

Avretta onkel og ekskjæreste

Nord-Korea er ein eittpartistat og diktatur, leia av Kim Jong-un, som tok over då hans far døydde. Landet har få diplomatiske band, og folket veit lite om kva som skjer utanfor landets grenser.

Landets leiarar er kjente for å skryte på seg unike eigenskapar og imponerande rekordar, og i seks tiår har landet vore styrt av den same harde maktkjernen. Om regimet meiner at nokon svik dei, så er dei ikkje framand for å gjennomføre avrettingar.

NORTHKOREA-AGRICULTURE/ North Korean leader Kim Jong Un gives field guidance to the Jangchon Vegetable Co-op Farm in Sadong District, Pyongyang City, whose looks have undergone a radical change to be a model and a standard of the socialist rural cultural construction

Kim Jong Un var godt nøgd då dette biletet vart tatt under eit besøk ved eit statleg landbruksprosjekt, og han skal også ha vore nøgd med valresultatet i går.

Foto: KCNA / Reuters

Mellom anna skal Kim Jong Uns onkel og tidlegare samfunnstopp, Jang Song-thaek vere blant dei som er avretta. Det same er Kim Jong-Uns ekskjæreste, påstår sørkoreansk etterretning.

Fattigdom er særs utbreidd i Nord-Korea, noko styresmaktene prøver å skjule. Tidlegare i sommar var landet også utsett for tørke, noko som rammer det sjølvforsynte landet hardt.

Landet vert av andre land sett på som ein laus kanon, og Nord-Koreas forsøk på å produsere atomvåpen uroar fleire land, og særskild nabo og erkefiende Sør-Korea.

SISTE NYTT

Siste nytt