Hopp til innhold

80 pst. støttar kuppmakarane

Ei meiningsmåling som er gjort i Thailand i dag viser at 80 prosent av innbyggjarane støttar militærkuppet i landet.

Thailandske soldatar på vakt har fått blomar av innbyggjarar i Bangkok.
Foto: Ed Wray, ED WRAY

Meiningsmålinga vart gjennomførd i dag av Rajabhat Suan Dusit college i Bangkok. 2010 menneske vart intervjua i samband med målinga.

Det er uklart om folk frå Chiang Mai i den nordlege delen av landet, det viktigaste støtteområdet for den avsette statsministeren Thaksin, har vore med i spørjeundersøkinga.

 

Forsvarssjefen, general Sondi Boonyaratkalin, har overteke makta i Thailand.
Foto: Sackhai Lalit, SAKCHAI LALIT

Berre fem prosent av dei spurde trur militærkuppet vil få negative følgjer for den økonomiske utviklinga i landet.

Støtte frå kongen

Leiaren for dei thailandske kuppmakarane seier i ettermiddag at han har full støtte frå kong Bhumibol Adulyadej. Han ber alle rette seg etter ordrane frå general Sonthi Boonyaratglin.

Charterselskapet Star Tour er store på Thailand, men dei opnar ikkje sesongen på landet før i november. Dagleg leiar i Star Tour, Jørn Kristiansen, seier til NRK at Star Tour-tilsette som er i landet har meldt tilbake at alt er roleg. Og det er ingen synleg motstand mot kuppmakarane.

- Tvert i mot ser det ut til at kuppmakarane har sterk støtte blant innbyggjarane, seier han.

Kristiansen fortel at Star Tour-tilsette som kom til Bangkok med fly i dag ikkje opplevde noko uvanleg, berre at det var litt stillare enn vanleg, omtrent som ein normal søndag. Kuppmakarane proklamerte ein nasjonal fridag i dag.

Meir stabilitet

Hans inntrykk er at det har vore mykje misnøye med regimet til den no avsette statsministeren Thaksin, og at det no er håp om eit meir stabilt politisk klima i landet.

Utanriksdepartementet åtvarar folk om å reise til nokre provinsar i det sørlege Thailand, men dette er ikkje relatert til militærkuppet i går og endrer ikkje sitt reiseråd for resten av landet. Det er på grunn av at muslimske separatistgrupper opererer i området, og det vart nyleg gjennomført angrep i Hat Yai.

Ingen norske reiseselskap arrangerer turar til dette området.

SISTE NYTT

Siste nytt