Den militante gruppa Ansar al-Sunna seier den stod bak aksjonen.
Tidlegare meldingar gjekk på at det var sju drepne i angrepet. Over 100 menneske vart skadde i angrepet.
Politiet i byen opplyser at det var eit kontor tilhøyrande til det kurdiske partiet KDP (Kurdistans demokratiske parti) som var målet for angepet.
Kontoret blir også brukt som eit registreringssenter for det lokale politiet.
KDP er eitt av dei to store partia i den kurdiske alliansen som vart nest størst i valet i Irak 30. januar.
Sist søndag vart minst 25 menneske drepne i eit angrep mot gravferda til ein KDP-politikar i byen Talfar utanfor Mosul.
Opptrapping
Det har vore ei kraftig opptrapping av angrepa mot sjiamuslimske og kurdiske mål den siste tida.
Dei fleste angrepa skjer ved at bilar fullasta med sprengstoff køyrer inn i bygningar eller inn i store folkemengder.