Hopp til innhold

46 Al Qaida-minstenkte arresterte

Tyrkisk politi har arrestert 46 personar som er mistenkte for å ha band til terrornettverket Al Qaida.

 

Tyrkisk politi har arrestert 46 Al Qaida-mistenkte
Foto: IHLAS NEWS AGENCY / AFP

Politiet gjekk til ein samordna aksjon mot mistenkte terrorceller i fem tyrkiske provinsar i dag tidleg.

I provinsen Konya sentralt i Tyrkia vart 25 personar arresterte, medan andre vart pågripne i Istanbul, Kocaeli, Izmir og Mardin.

Spesialstyrkar deltok i aksjonen, melder fjernsynsstasjonen NTV.

Det har kome få detaljar om den samordna operasjonen.

Aksjonen kjem etter at tre personar vart dømde for terrorverksemd sist veke. Ein av dei, ein advokat i Izmir, har presentert seg sjølv som Al Qaidas kommandant i Tyrkia.

Ei tyrkisk celle av Al Qaida er skulda for terrorbombene i Istanbul i november 2003, då to synagogar, det britiske konsulatet og ein britiskeigd bank vart utsette for bombeangrep. 63 menneske vart drepne, og fleire hundre vart skadde i angrepa.

73 personar, blant dei to syrarar, er i desse dagar i retten, tiltalte for medverknad til terrorangrepa. 

SISTE NYTT

Siste nytt