Ein talsperson frå militæret seier at dei tysdag tok kontroll over eit fjellområdet i provinsen Lahj, sør i Jemen. Her skal dei ha funne bevis på at al Qaida hadde ein skjulestad, skriv AP.
Talspersonen ville ikkje stå fram med identitet fordi han ikkje hadde lov til å prate med media.
Offensiven utarta seg som eit overraskingsåtak i helga som var.
Al Qaida har utnytta den politiske uroen i Jemen det siste året til å ekspandere grupperinga i landet.
Åtak på oljeledning
Det er også kome melding om at al Qaida har teke på seg ansvaret for å sprengje ein oljeledning i Jemen måndag kveld, skriv Al Arabiya.
Det skal vere ein hemnaksjon for eit amerikansk droneåtak på fredag, då fem personar vart drepne.