Hopp til innhold

39 drepne av bomber i Bagdad

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

39 menneske vart drepne då ti bomber gjekk av med kort mellomrom i den irakiske hovudstaden Bagdad i kveld, melder nyheitsbyrået Reuters.

Det mest dødelege angrepet var i den nordlege delen av byen. Åtte menneske vart drepne av ei bilbombe der. Minst 60 menneske er såra i angrepa.

Angrepa skjedde trass i at det i heile dag har vore stort tryggingsoppbod i gatene i Bagdad, nettopp for å hindre slilke angrep. Ein talsmann for regjeringa seier at sunnimuslimske ekstremistar står bak angrepa. Dei går til angrep på sivile i staden for tryggingsstyrkane fordi dei er enklare mål.

Kraftig auke i angrep

Det har vore ein kraftig auke i talet på bombeangrep i Irak den seinare tida. Angrepa har i stor gard vore retta mot sjiamuslimar, mange av dei pilegrimar.

I dag feira sjiamuslimane Shabaniya, som er markeringa av åremålsdagen for imam Mehdi, også kalla den 12. imam. Dette er ein svært sentral figur for sjiamuslimane.

I mai åleine vart over 1000 menneske drepne i ulike typar angrep i Irak, noko som gjorde mai til den mest blodige månaden i Irak sidan 2006-2007, då det også var alvorleg uro mellom sjia og sunnimuslimar i landet.

LES OGSÅ: Minst 61 drept i bombeangrep i Irak

LES OGSÅ: 500 drepne i Irak i mai

Al Qaida-grupper

Ingen har teke på seg skulda for angrepa, men sunnimuslimske ekstremistar knytte til Al Qaida-nettverket har tidlegare stått bak liknande angrep.

Spenninga i Irak er forsterka av borgarkrigen i nabolandet Syria. Dei syriske opprørarane som kjempar mot regimet i Damaskus, er for det meste sunniar. Bashar al-Assad og han støttespelarar tilhøyrer i stor grad alawittane, ei sekt knytt til sjiaislam.

LES OGSÅ: 500 drepne i Irak i mai

LES OGSÅ: – Tar ikke toget om morgenen på grunn av terrorfrykt

SISTE NYTT

Siste nytt