Hopp til innhold

500 drepne i Irak i mai

Etter nye bomber i Irak det siste døgnet har talet på drepne stige til over 500 menneske berre i mai.

Bilbombe i Bagdad i morges

Bilbombe i Bagdad i dag tidleg

Irak er inne i ein av dei valdelegaste periodane sidan USA trakk seg ut av landet i 2011. Bileta av nysgjerrige og opprørte menneske ved sida av utbrente bilar har nærast blitt daglegdags for dei som følger med på Irak.

Angreip bryllaup

Natt til torsdag gjekk ei rekkje bomber av i hovudstaden Bagdad. Den dystre rekneskapen viser minst 37 drepne menneske og langt over hundre skadde berre det siste døgnet. Også eit bryllaup vart bomba og 28 av gjestene måtte bøte med livet. Sidan byrjinga av mai har tala på drepne stige til over 500 menneske.

IRAQ-POLITICS-UNREST

Nysgjerrige folk rundt ei av dei mange bilbombene som har gått av i Bagdad det siste døgnet.

Foto: AHMAD AL-RUBAYE / Afp

LES OGSÅ: Bølge av bilbomber i Irak

LES OGSÅ:

LES OGSÅ: Bomber drepte over 60 i Irak

Det vestasiatiske landet har ei dyster historie dei siste åra, men med dei siste vekers hendingar opplever Irak den blodigaste perioden på fleire år.

Religiøs konflikt

No fryktar irakarane at landet er på veg inn i ein liknande religiøs konflikt som dei opplevde i 2006 og 2007. Det er særskild dei sunnimuslimske gruppene og ikkje minst Al Qaida, som står bak mykje av uroa.

Årsaka til terroren skal vere misnøye med veksande ulikskap mellom sjia- og sunnimuslimske grupper. Dei sunnimuslimske gruppene er i mindretal i den irakiske befolkninga, og mange føler seg dårleg behandla av dei irakiske styresmaktene.

Konflikten i nabolandet Syria, der dei to muslimske gruppene står på kvar si side, skal også vere ein årsak til dei aukande motsetnadene i Irak.

SISTE NYTT

Siste nytt