Hopp til innhold

Samlar krefter for å redda 350 isfaste sjøfolk

Eitt skip med om lag 350 sjøfolk sit framleis fanga i Okhotskhavet i Russland, etter at isbrytarar som skulle redda tre skip også fraus fast i isøydet. No set styresmaktene sin lit til ein ny redningsplan.

Isbrytaren Krasin

Isbrytaren Krasin skal saman med sin artsfrende Admiral Makarov rydda veg for det isfaste skipet i Okhotskhavet.

Foto: National Science Foundation / NSF

Måndag er det sett i gong ein større, koordinert redningsaksjon, opplyser ein talsmann for det russiske samferdselsdepartementet til Ria Novosti.

Nyttårshelga vart rundt 600 menneske sperra inne i tre skip som vart råka av ein kuldestorm i Okhotskhavet, eit randhav utanfor kysten til Sibir i det austlege Russland.

To redda - eitt igjen

Det grøssande kalde havområdet er islagt frå november til juli, og islokket er no opptil to meter tjukk.

To av skipa blei laurdag redda av den 140 meter lange isbrytaren «Admiral Makarov». Isbrytaren skal vera den kraftigaste i heile regionen, og kom til unnsetning etter at sjølv 90 meter lange isbrytarar fraus fast i tidlegare bergingsforsøk.

Den russiske statsministeren Vladimir Putin har hatt telefonkontakt med kapteinane på fleire av skipa, melder nyheitsbyrået Itar-Tass.

Trass i Putin sine lovnader om at alle ville vera redda i løpet av førre onsdag, står eitt skip med 350 personar om bord framleis i stampe.

Video Skip innestengt

Den 140 meter lange isbrytaren 'Admiral Makarov' har redda ut to av dei tre isfaste skipa. Måndag er han i gang med å få laus det tredje.

Samlar krefter mot isblokkene

For etter å ha bana veg for to av dei tre fastfrosne skipa, blei også Admiral Makarov ståande ”på staden kvil”, opplyser den russiske radiokanalen The Voice of Russia.

Måndag er admiralen i arbeid igjen, og har fått selskap av ein likearta. Dei to gigant-isbrytarane skal no sameina krefter for å bana veg gjennom ismassene og losna det siste isfaste skipet.

Redninga av det gjenverande skipet vert rekna som den vanskelegaste operasjonen på grunn av storleiken på skroget.

I tillegg byr kraftig vind, mørkeblå temperatur, nullsikt og tunge isflak i området på utfordringar for redningsmannskapet.

Ingen av dei 350 isfaste personane er i fare, har kapteinen opplyst til statsminister Putin. Fartøyet har nok matforsyningar og drivstoff til 75 døgn.

SISTE NYTT

Siste nytt