Hopp til innhold

26 drepne i trippel-angrep i Kabul

Det var fullt kaos den afghanske hovudstaden Kabul, då Taliban gjekk til tre samkøyrde sjølvmordsangrep mot ulike regjeringskontor. Sjå video.

19 drepne i sjølvmordsaksjonar i Kabul
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

19 menneske, dei fleste av dei sivile, vart drepne i angrepa, opplyser regjeringstalsmann Abdullah Fahim. 55 menneske er såra, opplyser han.

I tillegg er sju Taliban-opprørarar drepne.

Først var det eit dobbelt sjølvmordsangrep mot fengselsdirektoratet nord i Kabul. Her vart fem sivile og ein politimann drepne.

Minst fire andre sivile vart drepne i eit angrep mot justisdepartementet i sentrum av byen like etterpå.

Sjølvmordsaksjonar

Det var også forsøk på eit angrep mot innanriksdepartementet, men her vart angriparen skoten av politiet. Sprengstoffet han hadde på seg eksploderte, men gjorde ikkje skade.

Fleire køyrety vart sette i brann under angrepa.

Fleire køyrety vart sette i brann i angrepa.

Foto: OMAR SOBHANI / REUTERS

Augevitne fortel at fleire hundre menneske flykta i redsle då skytinga starta utanfor justisdepartementet. Før dette vart det høyrt ein kraftig eksplosjon inne i bygningen.

- Eg sat på kontoret mitt i tredje etasje då eg høyrde ein kraftig eksplosjon i etasjen under. Då eg gjekk for å sjå kva som hadde skjedd, såg eg ein person med ei Kalasjnikov-rifle og tre døde kollegaer, seier Nazir Mohammed til nyheitssbyrået AP.

Han berga livet ved å hoppe ut av vindauget.

Taliban-angrep

Eit vitne fortel at to Taliban-opprørarar dukka opp utanfor inngangen til fengselsdirektoratet. Den eine byrja å skyte mot inngangspartiet. Politifolk skaut tilbake, og då sprengde han seg sjølv i lufta. Då hadde den andre kome seg heilt opp til porten, og han detonerte sprengstoffet sitt der, seier vitnet.

Samstundes var det også skotveksling mellom afghanske tryggingsstyrkar og Taliban-opprørarar i nærleiken av palasset til president Hamid Karzai. Skytinga starta etter at tryggingsstyrkane hadde jaga Taliban-gruppa rundt i byen.

Angrepa kjem dagen før USAS nye spesialutsending til Afghanistan og Pakistan, Richard Holbrooke, kjem til Kabul.

Taliban var raskt ute med å ta på seg ansvaret for angrepa i Kabul i dag.

Soldatar går i posisjon under angrepa i Kabul 11. februar.

Det var skotveksling mellom tryggingsstyrkar og Taliban-opprørarar fleire stader i Kabul.

Foto: MASSOUD HOSSAINI / AFP

SISTE NYTT

Siste nytt