Hopp til innhold

22 drepne i sjølvmordsaksjon i Irak

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Minst 22 menneske er drepne i det som truleg var ein sjølvmordsaksjon i Balad Ruz nordaust for den irakiske hovudstaden Bagdad i kveld.

Lokalet var fullt av kurdiske sjiamuslimar, opplyser ein talsmann for politiet. Minst 30 skal vere såra.

Angrepet i kveld er det første større sjølvmordsangrepet i Irak på fleire veker.

Muthana al-Timini frå dei lokale styresmaktene i Diyala-provinsen sa at det kan ha vore ein sjølvmordsaksjon nummer to på sjukehuset dit dei såra frå den første eksplosjonen vart tekne. Men dette blir avvist av andre kjelder.


SISTE NYTT

Siste nytt