Hopp til innhold

Falsk video fekk 21-åring til å drepe

Ein 21 år gammal kosovoalbaner tilstår å ha drepe to amerikanarar ved Frankfurt lufthamn, etter å ha blitt lurt av eit filmklipp.

GERMANY-US-KOSOVO-ATTACK-TRIAL -

Eit stort presseoppbud møtte opp då rettsaka mot 21-åringen starta i dag.

Foto: BORIS ROESSLER / Afp

Filmklippet viste amerikanske soldatar som plyndra ein muslimsk heim og valdtok dottera i familien. Dette gjorde at 21-åringen blei så provosert at han bestemte seg for å drepe nokre amerikanarar, melder AP.

Han skal deretter ha dratt til lufthamnen i Frankfurt, og drap to amerikanske soldatar i ein militærbuss. To andre vart såra i angrepet.

Falske scenar

Redacted Premiere

21-åringen vart inspirert av filmen Redacted, av Brian De Palma, som eigentleg er ein anti-krigsfilm.

Foto: Rick Maiman / AP

Kvelden før skal han ha sett eit filmklipp på nettstaden Facebook. Det var henta frå anti-krigsfilmen Redacted, av den amerikanske regissøren Brian De Palma. 21-åringen trudde at scenane var ekte, og skal ha motivert han til ugjernigane dagen etter.

Kosovoalbanaren sa i retten at han ville gjere alt i si makt for å hindre at fleire amerikanarar dro til Afghanistan.

– Eg trudde at det eg såg i filmen ville amerikanarane gjere i Afghanistan. Det eg gjorde var galt. Men eg kan ikkje få det ugjort, sa den unge mannen.

21-åringen jobba sjølv på eit postkontor på flyplassen til vanleg. Dagen angrepet skjedde hadde han med seg ein pistol og lytta på islamsk musikk, medan han var på utkikk etter amerikanske soldatar.

Han gjekk bort til ein av soldatane og fekk bomma ein sigerett, medan han slo av ein prat. Då fekk han bekrefta at soldatane var på veg til Afghanistan. Han snudde seg, tok magasinet inn i våpenet, og gjekk til angerp.

Video To drept i angrep på amerikansk militærbuss.

To drept i angrep på amerikansk militærbuss.

Defekt våpen

Etterforskarar opplyser at det var rein flaks at ikkje fleire menneske mista livet i angrepet. 21-åringen sitt skytevåpen fungerte ikkje optimalt, og var difor årsaka til at ikkje fleire liv gjekk tapt.

21-åringen var busett i Frankfurt, men kom opprinneleg frå Kosovo.

Rettsaka er venta å bli avslutta i januar 2012.

SISTE NYTT

Siste nytt