Hopp til innhold

Unikt funn: 2000 år gammalt måleri avdekt i ruinbyen Pompeii

Eit uvanleg godt bevart freskomåleri av ein gladiatorkamp er avdekt i Pompeii, byen som vart graven ned av oske og lava frå vulkanen Vesuv i år 79.

Gladiator-freske i Pompeii.

Fresken som er avdekt i Pompeii er uvanleg godt bevart. Ekspertar kallar funnet heilt unikt.

Foto: Handout / AFP

Det nesten 2000 år gamle måleriet er av to gladiatorar i kamp, der den eine ser ut til å vere i ferd med å vinne. Mannen med overtaket er kledd i rustning og har ein fjørpynta hjelm med visir på hovudet.

Motstandaren ser ut til å knele, og han har tydelege sår som det dryp blod frå. Han er delvis kledd i rustning, og han har også ein breibremma hjelm med fjørpynt på seg.

Ekspertar som har undersøkt måleriet fortel at det vart måla på veggen i eit kjellarlokale der gladiatorar vanka, truleg ein slags taverna eller annan type serveringsstad. Dei trur etasjen over tavernaen kan ha vore eit bordell eller bustaden til eigaren av tavernaen.

Frescomåleri i Pompeii

Ekspertar meiner at måleriet av gladiatorkampen som er avdekt i Pompeii er heilt unikt.

Foto: Handout / AFP
Frescomåleri i Pompeii.

Nærbilete av den tapande gladiatoren. Han er tydeleg såra og med blod rennande frå fleire sår på kroppen.

Foto: Handout / AFP

Murmillo og Thraex

Gladiatorkamp var svært populær underhaldning i det gamle romarriket. Gladiatorar kjempa mot kvarandre, mot slavar eller mot ville dyr. Dei to gladiatorane på dette måleriet ser ut til å vere ein Murmillo som har nedkjempa ein Thraex. Murmillo og Thraex var to ulike typar gladiatorar.

Det ser ut som om Thraex-gladiatoren har mist skjoldet sitt, og rørsla han gjer med handa kan vere ein måte å be om nåde på, trur Pompeii-direktøren Massimo Osanna.

– Vi veit ikkje korleis kampen enda, men det var berre to utgangar. Taparen vart anten drepen eller vist nåde, seier Osanna. Han meiner det er spesielt interessant at måleriet så tydeleg viser såra taparen har fått, og at blodet renn.

Fleire viktige funn

Måleriet måler 1,2 x 1,6 meter. Det vart avdekt i eit område av Pompeii som blir kalla Regio 5, der det har vore gjort fleire viktige funn dei siste åra. Det viktigaste funnet hittil er ein inskripsjon som viste at byen v art nedgraven 17. oktober år 79 , og ikkje 24. august slik ein tidlegare har trudd.

Det kjem kvart år 3,6 millionar turistar til Pompeii, noko som gjer ruinbyen til den nest mest besøkte attraksjonen i Italia etter Colosseum i hovudstaden Roma.

Italias kulturminister Dario Francheschini meiner funnet er heilt unikt. og han trur det kjem til å bli gjort fleire unike funn i området.

– Pompeii er eit utømmeleg kjelde til kunnskap for arkeologar både i dag og i framtida, seier han.

SISTE NYTT

Siste nytt