Hopp til innhold

20-åring sikta for barnehagedrapa

Ein 20 år gammal mann er sikta for barnehagedrapa i Belgia i går. - Han kan ha planlagt fleire blodbad, ifølge belgisk avis.

Dendermonde
Foto: FRANCOIS LENOIR / REUTERS

20-åringen er sikta for drap på to barn under tre år og ein vaksen i ein barnehage i Dendermonde, som ligg 30 kilometer nordvest for Brussel. Han er også sikta for drapsforsøk, ifølge AFP.

Les også: Fire drept i belgisk barnehage

Siktinga omfattar også lekamsskading av tolv personar. Tilstanden til to av dei skadde, ein treåring og ein seks månader gammal baby, er alvorleg, men ikkje livstrugande.

Kan ha planlagt nytt blodbad

Mannen skal i retten ikkje ha sagt noko om motiva for ugjerninga. Talsmenn for påtalemakta i Belgia har tilbakevist påstandar om at mannen var rusa på alkohol eller narkotika.

Ifølge den belgiske avisa Het Laatste Nieuws skal 20-åringen ha ledd fleire gongar i retten. Avisa skriv dessutan at mannen hadde adressa til ein annan barnehage på seg, og kan ha planlagd eit nytt blodbad der.

- Alle skreik

Det var i går mannen storma barnehagan, med kvitmålt ansikt og svarte ringar.

- Han gjekk frå rom til rom og stakk alt han såg. Alle skreik, men sjølv var han heilt stille, fortel viseborgarmeister Theo Janssens.

Han var blant dei første som kom til åstaden etter tragedien.

- Det var blant dei mest forferdelege syn du kan tenkje deg ,seier han.

Les også: Belgia i sjokk etter barnedrap

Angripen då ho ringte etter hjelp

Den vaksne personen som vart drepen var ein av dei tilsette på barnehagen. Det var også ho som slo alarm. Ho vart angripen medan ho ringte etter ambulanse. Ein av dei andre tilsette skal også ha blitt påført fleire knivstikk etter å ha prøvd å stanse gjerningsmannen.

Lokalsamfunnet i Dendermonde er i dag framleis i sjokk.

- Byen er ein stad der ”alle kjenner og snakkar med kvarandre”, seier ein av innbyggjarane til avisa Dedemonde morning.

Fleire samla seg ved barnehagen i dag, ute av stand til å fatte kva som eigentleg har skjedd.

- Dette er ein sorgens dag. Vi bur i ein liten by kor det er liten kriminalitet. Alle er i sjokk, seier Iren Damien Vernon, som har budd i byen i fem år.

Justisminister i Belgia, Stefaan De Clerck, har varsla gransking av drapa.

SISTE NYTT

Siste nytt