Normal

152 omkomne etter at åtte-etasjars bygning kollapsa i Bangladesh

Minst 152 menneske er døde og mange er framleis innestengde i ruinane. Konfeksjonsarbeidarar skal ha blitt tvungne inn i bygningen igjen etter ei kort evakuering i går.

Bygningskollaps i Bangladesh.

Det er enorme øydeleggingar etter bygningskollapsen i Savar i utkanten av Dhaka.

Foto: ANDREW BIRAJ / Reuters

Det er eit næringsbygg på åtte etasjar i utkanten av Dhaka som har kollapsa. Berre 1. etasje av bygningen, som inneheld blant anna ein konfeksjonsfabrikk, er intakt, seier ein redningsarbeidar til nyheitsbyrået AFP.

Bygningskollaps i Savar i Bangladesh.

Dette er det som er igjen av fabrikkbygningen utanfor Dhaka i Bangladesh.

Foto: A.M. Ahad / Ap

Talet på omkomne er152, og over 1000 er tekne til sjukehuset med skadar. Det er venta at talet på omkomne vil stige ytterlegare.

– Vart tvungne inn igjen

Det kan ha vore fleire tusen menneske inne i bygningen då han rasa saman.

Fleire overlevande arbeidarar frå konfeksjonsfabrikken seier at bygningen vart evakuert i går kveld på grunn av at det vart oppdaga sprekkar i ein vegg, men at dei tilsette vart tvungne inn i fabrikklokala igjen av sjefane sine etter kort tid.

Bygningen kollapsa ved 0830-tida i dag lokal tid, klokka 0430 norsk tid. Det er uklart kor mange som var i bygningen på ulukka skjedde. Fleire tusen menneske har samla seg i området. Mange leitar etter sakna slektningar, andre ser etter kollegaer.

Eit næringsbygg på åtte etasjar i utkanten av Dhaka har kollapsa. Det kan ha vore fleire tusen menneske inne i bygningen då han rasa saman.

VIDEO: Enorme ødeleggingar i Dhaka.

Mange er innestengde

Major Zehadul Islam, sjefen for det lokale brannvesenet, sa tidlegare i dag at han frykta at over 100 menneske framleis var innstengde i ruinane av den fullstendig øydelagde bygningen.

Den lokale politisjefen, M. Asaduzzaman, kallar situasjonen på staden for katastrofal. Han opplyser at politi og brannmannskap arbeider seg innover i ruinane på leiting etter dei som er innstengde der.

Ein av arbeidarane på konfeksjonsfabrikken seier til den private fjernsynsstasjonen Somoy TV at han var i klippeavdelinga av fabrikken då dei høyrde eit kraftig brak.

82 menneske er døde og mange er framleis innestengde etter ein bygningskollaps utanfor Dhaka i Bangladesh.

VIDEO: Bygning kollapset i Bangladesh

– Rasa saman på kort tid

– Bygningen kollapsa i løpet av nokre få minutt. Eg fjerna ein del bygningsrestar og fekk med meg to kollegaer ut. Minst 30 av dei som jobba på klippeavdelinga er framleis sakna, sa han til Somoy TV.

Ei skadd kvinne som oppgir namnet sitt til Mousumi fortel til AFP at ho ikkje veit kva som har skjedd med mannen hennar, som arbeidde i fjerde etasje i bygningen.

Ved sidan av konfeksjonsfabrikken er det også ein bank, fleire butikkar og husvære.

Ein brannmann seier til nyheitsbyrået Reuters at det var rundt 2000 menneske inne i bygningen då katastrofen skjedde, andre seier at talet er så høgt som 5000.

Bygningskollaps i Dhaka i Bangladesh.

Ei kvinne blir hjelpt ut av ruinane av redningsarbeidarar.

Foto: MUNIR UZ ZAMAN / Afp

– Ignorerte åtvaring

Politisjef M. Asaduzzaman seier at fabrikkeigaren ser ut til å ha ignorert ei åtvaring mot å sleppe folk inn i bygningen, etter at det i går vart oppdaga ein sprekk i ein vegg. Innanriksminister Muhiuddin Khan seier at bygningen var sett opp ulovleg og i strid med bygningslova i landet.

Bygningskollaps i Savar i Bangladesh.

Ein fortvila mann spør om nokon har sett slektningen hans, ei kvinne som framleis er sakna etter at bygningen kollapsa-

Foto: ANDREW BIRAJ / Reuters

Bygningen ber namnet Rana Plaza og ligg i distriktet Savar. Bygningen har vore i søkjelyset også tidlegare. Ifølgje Framtiden i våre hender (FIVH) skal eigarane av bygningen tidlegare fått åtvaringar om fare for kollaps.

Grunnforholda skal vere dårlege i området, og det er ikkje lov å byggje så høge bygningar der.

Lokale kjelder FIVH har snakka med seier at det var fire tekstilfabrikkar i bygget som no har rasa saman, og at rundt 6000 hadde arbeidsplassen sin der. Fabrikkane er i gang 24 timar i døgnet.

Ikkje uvanleg

Det er ikkje uvanleg med bygningskollapsar i Bangladesh. Det skjer ofte med bygningar som blir ulovleg påbygde med ekstra etasjar. Over 70 menneske omkom då ein bygning med ein tekstilfabrikk kollapsa i same området i 2005.

112 menneske omkom i ein brann på ein tekstilfabrikk ein annan stad i Dhaka-området i november i fjor.

Bangladesh er den nest største produsenten av klede i verda, og mange av dei store kjedene i Europa kjøper kleda sine i landet

Saka blir oppdatert

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt