Det er mistanke om at den tamilske geriljaen LTTE, Tamiltigrane, står bak angrepet.
Åtte marinesoldatar vart skadde, opplyser den srilankiske marinen.
(NRK-grafikk)
Bussen med soldatane var på veg frå hamnebyen Traincomalee til Kentale då eksplosjonen skjedde. Minst eit køyrety til vart råka, og det var skadde også blant dei.
Angrepet kom dagen etter at fem soldatar og to sivile vart drepne av ei landmine nord på Sri Lanka, også det eit angrep som styresmaktene meiner Tamiltigrane står bak.
Det er planlagt nye fredsforhandlingar mellom styresmaktene og Tamiltigrane i Sveits rett over påske, i ein prosess der Noreg står sentralt. Den aukande valden den siste tida kan setje desse forhandlingane i fare.
Den srilankiske hæren sette i verk strenge tryggingstiltak etter angrepet i går, men det hindra altså ikkje oppørarar å gjennomføre eit enda større angrep i dag.