Hopp til innhold

12 politimenn drepne i bakhald

12 politimenn og ein sivil vart drepne i eit bakhaldsangrep i delstaten Sinaloa i Mecico i natt norsk tid.

Drap på politifolk i Mexico.

Sist tysdag vart to politifolk drepne i eit angrep i provinshovudstaden Culican. I natt vart 12 nye politimenn drepne.

Foto: YURI CORTEZ / Afp

Dette er det mest alvorlege angrepet mot meksikansk politi på lenge i den pågåande narkotikakrigen i grenseområdet mot USA. Gjerningsmennene tilhøyrer truleg eitt av dei mange narkotika-kartella som oprererer i området.

Falsk politisperring

Felipe Calderon

President Felipe Calderon greier ikkje å vinne krigen mot narkotika-kartella i Mexico.

Foto: Alexandre Meneghini / Ap

Det var sett opp ei falsk politisperring på vegen. Då politimennene, som tilhøyrer ein vaktstyrke for delstatsregjeringa i Sinaloa, stansa, vart dei angripne av ei gruppe tungt væpna menn.

12 politifolk og ein tilfeldig forbipasserande sivil person vart drepne, seier politikjelder til lokale medium.

Angrepet skjedde nær byen Gussave, då politifolka var på veg tilbake til provinshovudstaden Culiacan frå eit oppdrag i byen Los Mochis.

Delstaten Sinaola er eit kjerneområde for narkotikasmugling til USA, og rivaliserande bandar kjempar om kontrollen over den lukrative narkotikahandelen. Valdsbruken har auka sterkt i dette området dei siste åra, og narkotikabandane held det meksikanske samfunnet i eit grep av terror.

LES OGSÅ: 21 drept på mexicansk bar

LES OGSÅ: Narkobaron pågrepet i Mexico

Blodige konfrontasjonar

Det har vore fleire blodige konfrontasjonar mellom dei ulike narko-grupperingane i dette området, men også politiet er mål for narkotika-kartella.

Seinast tysdag denne veka vart to politimenn drepne i på open gate i Culiacan, og også dette angrepet blir sett i samanheng med narko-krigen i provinsen.

37.000 menneske er drepne i Mexico sidan regjeringa starta ein krig mot narkotikakartella i desember i 2006.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

LES OGSÅ: 53 drept i løpet av 72 timer i én by

LES OGSÅ: Gjennomhullet av narkobander

LES OGSÅ: - Narkosjef drept i Mexico

SISTE NYTT

Siste nytt