Ein 27 år gammal mann blei funnen i live i dag tidleg, seks dagar etter at jordskjelvet ramma byen.
Mannen blei funnen av Raude halvmåne, som seier at han låg fastklemd under eit skap, noko som truleg redda livet hans.
Dei 11 andre overlevande blei funne i går, opplyser leitemannskapa til radioen i landet.
Styresmaktene håpar framleis at det skal la seg gjere å grave fram overlevande, skriv telegrambyrået AFP.
30.000 menneske er til no funne døde i ruinane. Det er rekna med at mellom 40.000 og 50.000 menneske mista livet i jordskjelvet.