Hopp til innhold

12 drepne av bombe i Kabul

Minst 12 menneske vart drepne, og over 40 vart skadde då ein mann sprengde seg sjølv i lufta framfor innanriksdepartementet i Kabul i dag.

Sjølvmordsaksjonen utanfor innanriksdepartementet i Kabul tok livet av minst 12 menneske.
Foto: AHMAD MASOOD / REUTERS

Sjølvmordsaksjonisten slo til då tilsette i departementet kom på jobb, opplyser politiet. Bomba var så kraftig at fleire butikkar i same gata vart øydelagde.

Det var både sivile og politifolk blant dei drepne og skadde, opplyser ein talsmann for innanriksdepartementet.

 

Politi og soldatar stengde av området etter bombeeksplosjonen.
Foto: AHMAD MASOOD / REUTERS

Ein mann som tilhøyrer opprørsrørsla Taliban, mulla Hayat Khan, ringde inn til nyheitsbyrået Reuters og sa at det var Taliban som var ansvarleg for bombeaksjonen.

Eit augevitne fortel at politiet prøvde å stanse sjølvmordsbombaren før han detonerte bomba.

- Det var ein høg og feit fyr. Politiet prøvde å stanse han, men han stakk av og detonerte eksplosiva midt i ei gruppe med menneske, seier vitnet, som kallar seg Ramin.

Det har blitt stadig fleire sjølvmordsaksjonar i Afghanistan det siste året. 8. september vart 16 menneske drepne i eit bombeangrep utanfor den amerikanske ambassaden.

Den islamistiske Taliban-rørsla, som også støttar terrornettverket Al Qaida, sat med makta i Afghanistan til regimet vart styrta av dei amerikanske styrkane som gjekk inn i landet etter terrorangrepa mot USA 11. september 2001.

SISTE NYTT

Siste nytt