Hopp til innhold

1000 kvinner nekta tilgjenge fordi dei manglar mannleg følgje

Over 1000 kvinnelege pilegrimar frå Nigeria sit fast på flyplassen i Jeddah i Saudi-Arabia på femte døgnet. Dei blir nekta tilgjenge til landet fordi dei ikkje har med seg mannleg følgje.

Mange av kvinnene har reist heim til Nigeria.

Rundt 170 av kvinnene som vart nekta tilgjenge til Saudi-Arabia, kom i går tilbake til Kano i Nigeria.

Foto: AMINU ABUBAKAR / Afp

Ein anonym funksjonær ved flyplassen i Jeddah stadfestar overfor nyheitsbyrået AFP at kvinnene blir nekta tilgjenge til Saudi-Arabia fordi dei ikkje har med seg ein «mahram», ein mannleg medreisande eller ektefelle.

Forhandlingar

Funksjonæren seier at det går føre seg samtalar mellom nigerianske og

Lausreipa nigerianske kvinner reiste tilbake til Nigeria.

Ei gruppe nigerianske kvinner har kome tilbake til Kano i det nordlege Nigeria.

Foto: AMINU ABUBAKAR / Afp

saudiarabiske styresmakter om saka. Saudiarabiske styresmakter har ikkje uttalt seg om dei kvinnelege pilegrimane.

Det nigerianske konsulatet i Jeddah skal ha tilbode seg å ordne med heimturen til dei over 1000 kvinnene etter «Hajj», den store årlege pilegrimsfesten i Mekka og Medina, men Saudi-Arabia står på sitt. Dei slepp ikkje inn utan «mahram».

Dei første nigerianske kvinnene byrja å kome til flyplassen i Jeddah sist søndag, opplyser den nigerianske Hajj-kommisjonen, som har ansvaret og oversikta for nigerianske deltakarar i pilegrimsferda.

Rundt 171 av kvinnene reiste heim til Nigeria i går.

– Berre nigerianske kvinner

Nigerianske kvinner har reist tilbake til Nigeria.

Desse kvinnene gav opp å få vere med på Hajj og vende tilbake til Nigeria.

Foto: AMINU ABUBAKAR / Afp

Nigerias president Goodluck Jonathan har utnemnd ei gruppe på fem personar som skal forhandle med saudiarabiske styresmakter. Undersøkingar denne gruppa har gjort viser at kvinner som har landa på flyplassen i Medina, ikkje har vore utsette for same behandlinga.

Så vidt gruppa kjenner til er det berre nigerianske kvinner har blitt møtte med kravet om «mahram».

Hajj, som i går føre seg frå 24.–29. oktober, er ei av dei fem såkalla søylene i islam. Alle muslimar som har sjanse til det skal ein gong i livet delta på denne pilegrimsferda.

SISTE NYTT

Siste nytt